Førde J12 på Fjordcup

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jun 2024

Desse jentene avslutta sesongen som J12 med tur til Fjordcup i Sandefjord. Det var ein tur dei seint vil gløyme, ja, mest sannsynleg aldri.

17 jenter reiste frå Førde og skulle for første gang på cup, altså dei har vore med på Førde Cup, men aldri utpåturcup. 

Det var i haust denne turen blei planlagt, alle var einige om at jentene fortjente ein cup ved sesongslutt, og at vi måtte vekk frå dei lokale laga. 

Etter litt diskusjon stod det mellom Stavanger og Sandefjord, det vart Sandefjord. Ifølgje googlemaps, så venta ein sju timar og 27 minutt lang biltur.

Cup i Sandefjord var populært blant jentene, dei var i ekstase.

Fjordcup er ein stor cup i Sandefjord, og det var totalt 571 lag som deltok, det blei spelt 1311 kampar og blei scora totalt 14478 mål. Her bidrog jentene med 95 mål. Kampane var 1x20 minutt. Som J12-lag fekk vi ikkje delta i sluttspel, det er først når ein blir J13 at cup-spel startar.

Rett før avreise til Fjordcup samla alle foreldre seg til ei fjordcup-møte. Her vart det diskutert og planlagt korleis vi skulle bli lagt merke til i Sandefjord.

Ja, vi hadde som mål om at alle skulle vite kven Førde var. Men først kom spørsmålet, er det nokon som ikkje skal vere med til Sandefjord?

Det var heilt stille, alle såg rundt i rommet. Ok, då skal alle på tur! Det vil sei 17 familiar på tur + trenarane, 18 bilar som skulle til Sandefjord.

Så vart alle einige om at det vart gjort innkjøp av kvite t-skjorter der det stod Førde IL Handball på ryggen og Førde logo på framsida. Vi måtte ha fleire sauebjøller og fleire Førde-flagg.


Så kom helga, cuphelga

Nokre reiste torsdag og nokre fredag. Vi skulle ha ei felles samling fredag kveld der jentene skulle bu, Vesterøy skule, ca 10 minutt frå Sandefjord sentrum.

Underteikna fekk nyss i at det var ein instagram-konkurranse på fjordcup sin instagram-konto, og ba alle jenter og foreldre om å like fjordcup og skrive Førde J12 i kommentarfeltet.

Følg jentene på -TikTok

Premien var at Peppes Pizza skulle spandere pizza på heile laget. Så då var heile gruppa i gang.

Fredag ettermiddag kom melding, vi vant konkurransen. Vi var plukka ut blant 1118 kommentarar og fekk pizza til kvelds, gratis!

Det vart laga til langbord på skulen ute. Jentene og foreldra kosa seg med pizza, ein perfekt start på cuphelga.


Så var vi i gang

Vi deltok med to lag denne helga, og skulle spele totalt 10 kampar. Fire kampar laurdag og seks kampar søndag.

Kampane laurdag var mot Oppegård, Tistedalen blå, Kolbotn gul og Vestfossen 2. Desse kampane blei spelt i Bugårdshallen.

Første kampen var mot Oppegård, og det var ein spent og nervøs gjeng. Varmt i hallen. Litt småkvalme, vondt i magen... Vi kunne sjå det i starten at jentene ikkje var heilt påskrudd, men sakte men sikkert løsna det og dei leverte ein god kamp, og gjekk av bana med siger.

Så var det vårt andre lag som skulle spele mot Tistedalen, der var det ingen nerver og full fart frå start. Pangopning på cupen med to sigrar.

Så var det Kolbotn som stod for tur, her såg vi tidleg at det kom til å bli jamnt, og laga følgde kvarandre heilt til kampslutt, og det var Kolbotn som vann med eitt mål. Ein litt sur kamp for jentene som ikkje hadde marginane på si side, men det var ein vanvittig spennande kamp.

Siste kampen laurdagen var mot Vestfossen, då var det ein revansjelysten gjeng som skulle vise seg fram, og det var aldri noko tvil om korleis den kampen ville ende.

Laurdagen var unnagjort, jentene var fornøgd. Dei spelte god handball og fekk ein vanvittig støtte frå foreldregruppa som utvilsomt dominerte i Bugårdshallen!

Her kan du sjå foreldra i aksjon på tribuna.

Laurdagskvelden var det cupshow i Sandefjord sentrum, med kjende artistar. Her var alle på plass og hadde ein fin kveld i sola.


Travel og tøff søndag

Så stod søndagen for tur i Sandarhallen, seks kampar venta og vi hadde ingen anelse på kva nivå vi møtte. I tillegg skulle vi spele på kunstgras... (men det gjekk fint det også)

Vi skulle spele mot Lund 1, Lund 2, Herkules gul, Herkules grønn, Lillestrøm og Rygge.

Første kamp var mot Lund 1, og her var det eit godt lag som stod på andre banehalvdel. Vi sliter litt frå start, men gir aldri opp. Vi henger på og er med, dei spelar nok ein god kamp. Det er noko med desse jentene som aldri gir opp. Vi taper kampen med eitt mål. Spelarane, foreldra og trenarane er slitne etter kampen. For ein spennande kamp.

Andre kamp er mot Herkules gul, og som det var sagt etter kampen, det er det beste laget vi nokon gong har møtt. Vi holder følge halvvegs ut i kampen, men så får vi ein skade som prega laget litt, og raknar på slutten og taper med 7 mål.

Tredje kamp er mot Lillestrøm, og her var det veldig stor forskjell på laga. Vi vinner kampen med veldig god margin.

Fjerde kamp er mot Rygge. Her kan vi spole til garderoba etter kampen og sei det jentene sa: Det var dårleg, vår dårlegaste kamp. Berre rot. Dei skulle vi tatt. Vi tapte med tre mål.

Så var det to kampar att, Lund og Herkules. Vi visste kva vi møter, to gode lag. Jentene var begynt å bli slitne, hadde litt vondt her og der.

Først var det Herkules, eit lag vi sleit mot tidlegare på dagen. Ein skulle ikkje tru dei var så slitne, iallefall har dei skjulte krefter. Vi er med frå start, vi er med midtvegs og vi er med på slutten. Herkules leder med to mål rett før slutt og vi gambler litt og prøver oss med ekstra offensivt forsvar og får eit par i fleisen i staden. Vi taper 12-8. Men den innsatsen som blir lagt ned, er berre heilt rå!!

Eg spurte etter kampen om kva som var kjekkast: Å vinne mot Lillestrøm (vann med ein del mål) eller å tape med fire mål mot Herkules. Svar: Herkules-kampen. Dei var gode og vi spelte kjempebra!

Siste kampen søndagen var mot Lund, og nok ein gang vart det spenning heilt inn. Det var uavgjort heilt til siste angrepet til Lund, som dei scora på og vi tapte med eitt mål. Surt, men nok ein kamp der jentene gir alt heilt til kampslutt.

Ein sliten gjeng (inkludert foreldre og trenarar) etter siste kamp. 

Jentene var sletne, men glade. 
Foreldra sletne, men stolte. 
Trenarane sletne, men stolte.

Ei flott helg var over, no venta 7 timar og 27 minutt biltur heim, men med så mange positive opplevingar i bagasjen, gjekk bilturen heim ganske fort!

Kort oppsummert:

Det desse jentene leverer laurdag og søndag gjer oss trenarar utruleg stolte, vi vart litt rørt etter siste kampen og såg at dei var heilt tomme. At dei faktisk har gitt absolutt alt!

Det samme gjelder foreldrene som stiller opp alle sammen og støttar laget på og utanfor bana heile helga. Dei laga eit helsikes liv på tribuna som alle andre lag i cupen berre kan misunne.

Vi har denne sesongen hevda oss mot laga i Bergen og no laga på austlandet, det heilt vanvittig å sjå den innsatsen, viljen og prestasjonane som er i laget. 

Så må vi skryte mykje til oppdamene våre, Heidi og Annette, som legg til rette for at alt går på skinner denne helga. Stor applaus!!

No er vi ferdig som J12, neste år er det nye opplevingar som står for tur som J13.

Bob og Monica

Sliten gjeng etter ei helg i Sandefjord.

Heile gjengen.

Glimt frå Sandefjord:


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.