Førde United med flotte opplevingar på Bergsøy si første Hjerteliga-samling
Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2026
Førde United på tur til Fosnavåg! 
Laurdag reiste Førde United til Fosnavåg der Bergsøy IL for aller første gong var vertskap for ei samling i Hjerteligaen sør for Sunnmøre. Det blei ein fantastisk dag full av spelglede, inkludering og gode opplevingar – akkurat slik Hjerteligaen skal vere! ❤️🤾♂️
Både nordfjordingar og sunnfjordingar tok turen, og vi fekk spela spanande og kjekke kampar mot både Stryn og Skavøypoll. Det var flott innsats, mykje smil og mange fine idrettsøyeblikk gjennom heile dagen.
Ein stor takk til Bergsøy IL for eit strålande arrangement og varme rammer rundt samlinga 🙌 Takk for oss – vi kjem svært gjerne tilbake!
No gler vi oss til neste samling:
📍 Førdehuset
📅 Siste helga i april
Vel møtt – dette vil du ikkje gå glipp av!


Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde IL Handball tildelt Klubbhuset nivå 2
10.05.2026
Hjerteligaens sesongavslutning
27.04.2026
Hjerteligaavslutning
21.04.2026
Fylkes og regionsmesterskap
15.04.2026
Kom for å heie på oss!
10.04.2026