OVERNATTING

Alle som har B-kort skal overnatte på skular i gangavstand til Førdehuset. 

Overnatting under arrangementet

Deltakarar vil bli innlosjerte på tre ulike skular i Førde: Førde ungdomsskule, Slåtten skule og Halbrend skule. Her finn du praktisk informasjon om kvar skule og transportmoglegheiter:

Førde ungdomsskule

Førde ungdomsskule ligg svært sentralt – rett ved sida av Førdehuset.

Slåtten skule

Slåtten skule ligg om lag 2 km frå Førdehuset, i retning mot sjukehuset. Ruta går i flatt terreng og er godt eigna for gåande via gangveg.
  Laurdag vil det gå ringbuss frå kl. 09.00 for dei som ønskjer å nytte kollektivtransport.
📍 Sjå bussrute for linje 201 her: Slåtten. Med bil tek turen 4 minutt.

Halbrend skule

Halbrend skule ligg ca. 2,2 km frå Førdehuset, i nedste sving av Halbrendslia. Det finst ein snarveg frå skulen ned til sentrum, og gåturen tek om lag 25 minutt.
  Laurdag går det ringbuss frå Halbrend, med første avgang kl. 09.40.
📍 Sjå rutetabell her: Halbrend. Med bil tek turen 6 minutt.

 


 Vi oppfordrar deltakarar og lagleiarar om å halde orden og vise respekt for andre sin eigedom.
 Det vert kontinuerleg vakthald på skulen, men minner om at lagleiarane har ansvaret for sine lag. 

 

For dei som ikkje har bestilt B-kort men treng overnatting, så vi avtale med Scandic Sunnfjord og Spa.

 

Prisar pr. døgn  inkludert frukost, gratis parkering(registering på Inpark) og fri inngang basseng/trimrom/badstuer

ü  Enkeltrom 1090,-

ü  Dobbeltrom 645,- per person (1290,- for rommet)

ü  Trippeltrom 490,- per person (1470,- for rommet)

ü  4-sengsrom 440,- per person (1760,- for rommet)

Prisane gjeld til 10.august.

Bruk referanse FØRDE-CUP for å få avtaleprisar. NB!: RABATTKODEN ER IKKJE DIGITAL SÅ DE MÅ ANTEN RINGE HOTELLET ELLER SKRIVE EPOST FOR Å KUNNE BRUKE DENNE KODEN.

https://www.scandichotels.no/hotell/norge/forde/scandic-sunnfjord-hotel-og-spa