Informasjon til deg som lurer på hvem vi er
Bli med i handballfamilien – vi treng fleire spelarar, trenarar og frivillige!
Førde IL Håndball er i sterk vekst og har i dag over 250 aktive spelarar frå 6 år og oppover. For å gi alle barn og unge eit trygt og kjekt aktivitetstilbod, treng vi fleire nye med på laget – både på og utanfor bana.
For barn og unge – kom og prøv handball!
Handball er ei sosial, trygg og inkluderande idrett som passar for alle.
Vi har tilbod frå 6 år til senior, samt eigne satsingar som:
- Hjerteligaen – tilrettelagt handball for spelarar med ulike funksjonsnedsetjingar
- Førde Cup – eit av Vestlandet si største turneringar, med tusen deltakarar kvar august
- Handballskule – populære treningsdagar i feriar
Nye spelarar kan møte opp på trening når som helst for å prøve gratis i 2–3 veker.
Alle treng berre innesko og drikkeflaske – resten ordnar vi!
Vi treng også fleire frivillige!
For å gi ungane eit godt og trygt miljø, treng vi fleire som kan bidra – smått eller stort:
Trenarar og hjelpetrenarar
Har du lyst å vere ein trygg vaksen for eit lag?
Du treng ikkje handballerfaring –støtte og oppfølging.
Lagleiar, dugnadshjelp og arrangementsfrivillige
Vi treng fleire som kan bidra nokre timar innimellom, spesielt rundt Førde Cup og kamphelgar.
Du bestemmer sjølv kor mykje du vil bidra!
Kvifor vere med i Førde IL Håndball?
- Miljø der tryggleik, glede og inkludering står i sentrum
- Felleskap for både barn, ungdom, vaksne og foreldre
- Dyktige trenarar og gode utviklingsarenaer
- Ein klubb med store arrangement, aktivitet året rundt og høg trivsel
📩 Vil du vere med – eller berre vite meir?
Ta kontakt med oss!
📧 forde@rvn.handball.no
🌐https://handball.fordeidrettslag.no/next/p/17641/heim
Saman skaper vi handballglede i Førde – og vi vil gjerne ha DEG med på laget!