Tap mot Volda, men vi gav dei kamp
Postet av Førde IL - Handball den 3. Sep 2023
Førde-Volda 22-28 (11-12): Det vart seksmålstap i tredjerundekampen i cupen mot Volda, som spelte i eliteserien i fjor, men Førde-damene med vår beste, Oda Vindheim (biletet), i spissen, gav sunnmøringane kamp, iallfall i første omgang. Det stod 12-11 til Volda ved pause. Starten av andre omgang vart vanskelegare, dermed vart det til slutt 28-22 til Volda.
Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren etter kampen:
Samtidig er det ikkje lenge sidan at vi var utfordra av eit lag i 3. div., så mykje handlar om spel-motspel, og vi må til ei kvar tid vere skjerpa. Vi leverer ein svært god 1. omgang både i forsvar og i etablert angrep. Ein svak start på 2. omg gjer at Volda får det nødvendige roen i sitt spel. Likevel står vi opp i siste del av kampen.
Med tanke på fleire nye spelarar inn i troppen, har vi mykje å jobbe med. Men trenarteamet er godt fornøgd med der vi står pr tid. Så handlar det meste om kva vi gjer framover. Uansett, vi gler oss veldig til serieopning heime mot Hokksund laurdag 16. sept. kl 1830. Ingenting ville gle jentene meir enn at vi hadde fylt tribunane, slik at vi hadde hatt "den 8 spelaren" på bana. Vi sjåast.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024