J14 på Fredrikstad
Postet av Førde IL - Handball den 25. mai 2026
Sterk innsats og A-sluttspel for Førde-jentene i Fredrikstad Cup i Handball.
Ei flott langhelg i Fredrikstad med deltaking i Noregs største handballturnering.
Heile 70 lag stilte i Jenter 14/15-klassen, og Førde-jentene leverte ei sterk turnering. Dei vann pulja si og tok seg til A-sluttspelet.
I åttedelsfinalen vart det siger 17–13 mot Bækkelaget. I kvartfinalen møtte dei Gresvik 1 i ein jamn kamp. Førde leia 7–5 i ein periode av andre omgang, men det enda til slutt med eit knepent tap 10–8.
Gresvik 1 gjekk heilt til finalen og enda som nummer to i turneringa, etter eit finaletap 11–10 mot Skogstrand 1.
Ei turnering prega av god innsats, skavankar og blåmerke, og mange sterke opplevingar for Førde-jentene. Til slutt, takk til det fantastiske trenerteamet med Bernt Ove(BOB) og Monica Berntsen👏👏👏
Som ein kan sjå av bilde, er spelegruppa sårbar med berre 9 spelarar, men dette blir godt kompensert av ei engasjert foreldregruppe med mange som stiller opp og heiar fram laget.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
J 14 i Fredrikstad Cup
25.05.2026
Treningsleir i Spania med Førde United
21.05.2026
Førde IL Handball tildelt Klubbhuset nivå 2
10.05.2026
Hjerteligaens sesongavslutning
27.04.2026