Førde G16 klare for Fylkesmesterskapet

Postet av Bernt Ove Berntsen den 1. Apr 2023

Førde G16 klare for Fylkesmesterskapet i Bergen 16. april 2023.

Førde G16 klarte i dag det som er svært mange år sidan eit gutelag i Førde har greidd. Dei sikra seg plass i Fylkesmesterskapet i Bergen, etter 2. plass i serien. 

Gutane spelte ein svak 1. omgang, der dei låg under 8-11. I 2. omgang kom dei ut på bana med musklar, vinnarvilje, rått forsvar, fantastiske redningar og herlege mål. Dette vart belønna med 19-17-siger over Gloppen 2 og plass i Fylkesmesterskapet i Bergen.

På tribuna i Trivselshagen hadde gutane med seg ein fantastisk heiagjeng, beståande av søsken, foreldre, tanter/onklar, søskenbarn og besteforeldre. 

G16 har i år blitt trent av Kristian Henden og Ole Kristian Gjerstad. Desse to har verkeleg fått fart på gutane, og er grunnen til den gode spelarutviklinga og fantastiske lagånda som er i dette 16-årslaget!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.