Førde sine J11-lag imponerte

Postet av Bernt Ove Berntsen den 12. Mar 2023

Laurdag blei det spelt 20 kampar fordelt på bane 2 og 3 i Førdehuset.

Lag frå heile Sogn og Fjordane kom på besøk og fekk spele mot lag dei vanlegvis ikkje spelar mot.

Førde spelte mot Florø, Bremanger, Gaular og Eid, og med totalt 16 spelarar tilgjengeleg, vart det to kampar på kvar.

Begge laga våre leverte i kvar einaste kamp. Fokus var forsvar, tempo og ikkje minst godt humør. Med heiande foreldre på tribuna fekk vi sjå god handball, og at nesten alle spelarane fekk seg eit mål.

Ein fin handballdag i Førdehuset som starta kl. 10.00 og vart avslutta kl. 19.00. Takk til foreldra som også leverte denne dagen.

...og så fekk trenarane ei uventa levering... 

Rett før vår siste kamp dukka mamma til Solveig opp med mat til trenarane, sidan vi hadde vore i hallen heile dag, så var det viktig at vi fekk i oss litt mat når vi var ferdig, og ikkje minst gutane våre som hadde vore heime åleine denne dagen.

Ein utrulig hyggeleg overrasking som vi set stor pris på.

Bernt Ove og Monica

Det blei spelt 20 kampar totalt fordelt på bane 2 og 3 laurdag.

Førde og Florø med felles oppvarming. Tidlegare på dagen spelte Førde og Florø mot kvarandre.

Mens jenter 11 spelte på bane 2 og 3, så spelte Førde mot Randesund på bane 1 kl. 16.00. Her vart det ein spennande kamp som Førde vann med eitt mål.

Etter ein lang dag i Førdehuset, kunne Monica nyte maten vi fekk av Mona Masdal Øksendal. Monica klarte ikkje å vente til vi kom heim.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.