Dei yngste får spele - damene må vente
Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2022
Regjeringa har letta på koronarestriksjonane for idretten, og det gjer at dei som spelar aldersbestemt handball kan kome i gang att med kampar. Men i seniorklassane er det berre 1. divisjon som har fått klarsignal. Det betyr at damelaga våre i 2. divisjon og 4. divisjon må vente på neste eventuelle endring i restriksjonane.
Dette er kjipt, seier sportsleg leiar i Førde IL Handball, Oddny Sønnesyn.
- Det pågår forhandlingar mellom NHF og helsestyresmaktene om at 2. divisjon kan kome i gang att, så førebels ventar eg og ser kva det fører til. Men det er kjipt og etter mi meining feil på noverande tidspunkt å ikkje la vaksne trene som normalt. Men må vi vente, så må vi det.
Når dei eventuelt får klarsignal, må det trenast i to veker før dei spelar kamp igjen.
Det uroar handballpresident Kåre Geir Lio at det berre er dei to øvste divisjonane på seniornivå som har grønt lys.
- At ein stor del av laga på seniornivå framleis må vente på å trene som normalt og spele kampar, bekymrar oss. Denne gruppa har vore veldig skadelidande gjennom heile pandemien. Til sjuande og sist handlar dette om folkehelsa, både den fysiske og mentale. Det skuffar meg at politikarane ikkje prioriterer langsiktig tenking, sier Lio til Handball.no.
Alt i morgon kan Førde sine G14 og G16 spele seriekampar, begge borte mot Gloppen. Søndag 16.1. skal G10 spele mot Florø og Florø3 i Førdehuset og G16 borte mot Gloppen 2.
Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024