Førde IL er sertifisert i Klubbhuset Nivå 1
Postet av Førde IL - Handball den 21. Aug 2025
Handballgruppa i Førde IL har gjennom sommaren arbeidd godt med Klubbhuset og fekk endelig beviset på dette overlevert av Marianne Aakre Laugerud.
Førde var ein av dei første klubbane som signerte avtale i sone 1-3, men brukte noko tid på å komme i gang med arbeidet. Etterkvart skreiv vi ein ny avtale våren 2025 for å forplikte at arbeidet skulle gjerast på ein god måte, og etter dette har klubben arbeidd svært godt.
Førde IL, ved styreleiar Linn Marie Solheim-Sunde, har dette og sei om prosessen: "Det har vert en lærerik og inspirerande prosess, og vi har fått på plass rutiner og struktur som vil gjere klubbkvardagen enklare og meir oversiktleg for både styret, trenarar, frivillige og spelarar. Det har vert gode råd og god oppfølging frå regionen ved Marianne Aakre Laugerud, noko som har gjort prosessen lettare. Kven veit, kanskje vi prøver oss på nivå 2?"
Vi gratulerer Førde med sertifiseringa og ser fram til vidare samarbeid mot nivå 2!
Les hele artikkelen her: https://www.handball.no/regioner/region-vest/nyheter/2025/08/forde-il-er-sertifisert-i-klubbhuset-niva-1/
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

Trivselsserien for kvinner
29.07.2025

NM-kamp
09.07.2025

Førde J13 imponerte på Storhamar Cup
27.05.2025

Inspirasjonssamling i Førdehuset 19.05 kl.18
15.05.2025