Førde J13 imponerte på Storhamar Cup
Postet av Førde IL - Handball den 27. Mai 2025
I helga var Førde J13 på Storhamar Cup på Hamar, ein cup som har hovudarenaen i sjølvaste Vikingskipet.
Storhamar Cup starta fredag 23. mai og blei avslutta søndag 25. mai. Vi kom i gruppe med Borgen, Charlottenlund 3 og Nore Neset 2. Første kamp var allereie fredag kveld, i Vikingskipet, og der venta Borgen (Akershus) i første kamp.
Det var ein gira og spent gjeng som satte seg i bilane. Det var ein kort tur å køyre frå hotellet, etter 5-6 minutt såg vi Vikingskipet dukke opp. Parkeringsplassen var fylt opp, og når vi gjekk ut av billane vart vi ganske små når vi stod ved den enorme hallen. Pulsen på gjengen, inkludert foreldra, gjekk nok litt opp. No var det snart klart for kamp 1 i puljespelet.
Det var åtte handballbaner i Vikingskipet, og vi skulle spele på bane 2. Vi hadde ein peptalk før kampen og alle var fokusert og klar. Vi skulle spele offensivt i forsvar og trøkke til framover.
Kampane i puljespelet var 1x20 minutt, og etter ein nervøs start, var det det eit Førde-lag som var ustoppeleg. Alle fighta, sprang, trøkka til… Borgen var kanskje satt litt ut av ein gjeng frå Førde som var offensive og sprang som om dei hadde dårleg tid. Vi tok leiinga tidleg og auka på utover kampen. 14-6 stod det på tavla når kampen var over, for ein start.
To poeng og jentene kunne juble, ein kanonstart på cupen.
Etter kampen var det middag på hotellet der det var veldig god stemning.
Laurdag var det frukost kl. 09.00, og det var ein gjeng som fekk i seg ein god frukost, og klar for to nye kampar. Men først rakk dei litt shopping i Hamar, for vi skulle ikkje spele før kl. 15.02.
Charlottenlund var neste lag, eit lag frå Trondheim. Kampane våre i dag skulle spelast i Stangehallen, ein hall med fire handballbaner.
Vi følgte med på dei andre kampane i pulja, og kunne sjå at Borgen hadde slått både Charlottenlund og Nore Neset. Trenarar og foreldre vart litt nervøse, det vil sei at om vi vinner mot Charlottenlund, så var vi allereie puljevinnar. Dette måtte jentene IKKJE få vite.
Jentene var ferdig med shopping og turen til Stangehallen tok ca 15 minutt. Vi hadde ein god prat i garderoba før kampen. Det var ikkje vanskeleg å motivere jentene, dei var klare.
På bane 3 var kampen i gang. Det vart ein jamn start, og vi tok tidleg føringa. Charlottenlund hang på, men jentene frå Førde hadde meir å gi, og drog i frå utover omgangen. Denne kampen skulle vinnast og det gjorde dei, 12-8 stod det på tavla. Vi var allereie puljevinnar etter to kampar, og klar for A-sluttspel. Heilt rått.
Siste kamp i puljespelet var mot Nore Neset 2 frå Bergen, på bane 4. No hadde dei ingen press og kunne senke skuldrane. Vi står kanonbra i forsvar, men slit med å sette ballen i mål. Vi har kontroll og vinner 8-4. Full pott, og jublande jenter går av bana og får applaus frå foreldra utanfor hallen.
Så var det klart for siste dag i Storhamar Cup, A-sluttspel, i Vikingskipet.
I åttandedelsfinalen venta Harestua, frå Akershus, og vi skulle spele på bane 3.
Vi hadde avreise frå hotellet kl. 08.00, og alle hadde fått i seg ein god frukost. Vi var litt ekstra spent på å spele så tidleg, for vi har tidlegare slete litt når det er kamp tidleg om morgonen. Så trenarane og foreldre var litt usikre på korleis dette skulle gå.
På plass i Vikingskipet, var det ein gjeng som dundra på med høg musikk. Ja, kanskje det er medisinen for å få gjengen i gang? Praten i garderoba gjekk litt på repeat, sidan vi hadde tre veldig gode kampar allereie.
Kampen er i gang, og jentene var iallefall våkne. Her var det ein gjeng som ville vidare i cupen. Harestua sliter mot vårt offensive forsvar, og vi køyrer på framover. Vi ser tidleg at dette går vegen, 17-8 står det på tavla når kampen er over. Nok ein fantastisk kamp, og vi er klar for kvarfinale i Storhamar Cup. Jentene jublar og foreldra på tribuna det samme.
Vi får tid til å reise tilbake til hotellet før vi skal spele kvartfinalen. Så vi rakk ein frukost til. Jentene får i seg godt med mat, før vi sjekkar ut av hotellet, og nok ein gang tek turen mot Vikingskipet. Denne gangen er det Nore Neset 1 frå Bergen som er motstandar.
Nok ein gang skal vi spele på bane 3. Jentene er motivert, gira, klar og humøret går omtrent gjennom taket. Vi går i gang med oppvarminga som dei andre kampane. Ruslar bort til bane 3. Jentene tar ein liten peptalk og tar heiaropet. Kampen er i gang… Nore Neset prøver og prøver, men stanger i mot forsvaret vårt. Klarer ikkje å score. Jentene fighter som dei aldri har gjort før, og vi går til pause med 6-1-leiing. I sluttspelet er kampane 2x15 minutt. No er vi kun 15 minutt frå ein semifinale. Vi fortsetter i 2. omgang, der vi slapp i 1. omgang. Vi har kontroll, men så får vi eit par utvisningar og Nore Neset tar innpå. Vi på sidelinja følgjer med på klokka, kanskje litt for mykje, men det holder. Kampen er over og vi vinner 11-7, vi er klar for semfinale. Jentene hopper og skriker, og det kjem nokre gledestårer. Nok ein kamp der jentene gir absolutt alt!
Vi får ein liten pause før det er semifinale. Der er det Kristiansund som ventar, eit lag som har vunne alle kampane, akkurat som oss. Vi skal spele på bane 2 denne gangen. Jentene har trua, men dei er slitne. Vi har ein krevjande spelestil, men skal gi alt vi har. Etter ein god oppvarming går vi bort til bane 2.
Kampen startar og det er jamnt i starten. Vi ser tidleg at vi møter eit veldig godt lag, men vi er med. Kristiansund fører kampen utover 1. omgang, vi er litt etter. I pausen er vi einige i at vi skal stå på til fløyta går, uansett kor det går. I 2. omgang ligger vi 4-5 mål bak, vi gir ikkje opp, men kreftene begynner å ta slutt. Vi skaper sjanser, bommer litt for mykje, og Kristiansund har kontroll på slutten, dei vinner 18-11. Litt skuffa og veldig sliten gjeng innser at det er over for denne gang. Men vi prøvde, vi stod løpet heilt ut, vi ga alt. Seks kampar vart det, og dei presterte i alle seks kampane. For nokre jenter. Det er så imponerande.
Kristiansund vinner finalen mot Bækkelaget suverent, til og med meir enn dei slo oss, det seier litt om prestasjonen til jentene.
Jentene ruslar litt skuffa ut av hallen og møter foreldra med full jubel. Dei er så stolt og imponert over korleis jentene har prestert i Storhamar Cup.
Det var ingen bronsefinale i Storhamar Cup, så vi fekk ein delt 3. plass med Træff.
Tredjeplass i Storhamar Cup!!
Dette var ei oppleving som jentene aldri vil gløyme, og dei er nok veldig stolt over det dei har vore med på denne helga. Både det som skjer på bana og utafor bana. Det er ein fantastisk gjeng å reise på tur med og vi som trenarar er heldige som får vere med på.
Det var 37 lag i J13-klassen og det blei spelt totalt 103 kampar. I Storhamar Cup vart det spelt totalt 776 kampar og det vart scora 12635 mål. Førde J13 fekk seks kampar og scora 73 mål.
Dette var eit flott punktum for sesongen, og no får både spelarar, trenarar og foreldre ein velfortjent pause frå handballen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

Inspirasjonssamling i Førdehuset 19.05 kl.18
15.05.2025

Sportsleg leiar
05.05.2025

Vårt første fylkesmeisterskap
07.04.2025