Stortap mot serieleiaren

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2024

D2: Førde-Gneist 17-38 (10-20): Det var Gneist som hadde presset på seg då dei gjesta Førdehuset laurdag. Åsane hadde vunne borte mot Fredrikstad 2, så alt anna enn to poeng mot Førde ville gi Åsane ein stor fordel i kampen om opprykk. Og det skulle vise seg at Gneist meistra presset. Dei scora på sine fem første angrep, medan vi berre kvitterte for to av dei. 

Emma Gloppestad var tilbake i Førdehuset, men kom aldri på bana. Ho slit med skade i ein tommel og var i tillegg småsjuk. Men lagvenninnene greidde seg godt utan henne. Ved pause stod det 10-20 på måltavla, og Førde sleit endå meir med å få mål i andre omgang. Sluttresultatet vart 17-38.

Veteranen Alexandra Afloarei (biletet) var eit lyspunkt for heimelaget, med stor innsats både i forsvar og angrep. Det resulterte i to utvisingar og fire mål, tre frå streken og eitt langskot. Alex har vore bakspelar og nølte ikkje mykje då ho fekk sjansen.

Trenar Øyvind Indrebø konstaterte  at dette vart ein heilt annan kamp enn då vi slo Gneist med eitt mål i Bergen.

- Vi møtte eit heiltent Gneist-lag. Dei spelte ein god kamp og gjorde det vanskeleg for oss. Vi har hatt ei ruskete veke med mykje sjukdom i laget. Dagen før kamp var vi i tvil om kva lag vi greidde å stille.

Måla til Førde: Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4 (1 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 3, Oda Vindheim 2, Kinga Lemiech 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1. 

Toppscorar og best på Gneist: Emma Louise Grasdal (9 mål).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.