Åsane for sterke i siste kampen til Estelle
Postet av Førde IL - Handball den 22. Feb 2024
K2: Åsane-Førde 33-22 (14-12): Førde hadde ingenting å tape, sa trenar Øyvind Indrebø før kampen mot Åsane torsdag kveld. Og jentene våre viste i første omgang at dei ikkje ville gi seriefavoritten poenga utan at dei måtte slite for det. Ein god Førde-periode gjorde at vi gjekk frå 11-7 til 11-11. Då tok Åsane time out. Pauseresulatet var 14-12 til bergensarane.
I andre omgang vart det større skilnad. Rett nok scora vi først ved Annette Kaalstad, men dei neste 11 minutta kom det ni mål i vårt bur, vi greidde berre å kvittere for eitt av dei. Dermed var vi ni mål bak, og håpet om poeng var ikkje lenger realistisk. Men jentene fullførte godt, og det enda med 33-22.
I ein annan kamp torsdag vann Bjørnar 29-20 over Tertnes og passerte oss på tabellen. Men vi får truleg to poeng for den avlyste Tertnes-kampen og vil då ta tilbake tredjeplassen.
Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren til kampen.
- Åsane vart eit nummer for store for oss i kveld. Vi hadde ein god første omgang der vi fylgde kampplanen . Så får vi ein svært dårleg start på 2.omgang, der kampen blir avgjort. Då blir vi for passive framme, og tek ikkje duellane bakover. Så plussen i dag er prestasjon og innsats i første omgang, så skal vi jobbe med å stå tøffare opp i periodar der det buttar i mot. Vi har vore gode på det i år, men i kveld såg vi litt den same tendensen som siste kampen før jul heime – mot Åsane.
- No er det tre veker til neste kamp, og det er heime mot Reistad. Eit Reistad som har ei god formutvikling, så vi må bruke vekene godt for å vere godt førebudde. Elles var kampen i kveld Estelle sin siste kamp i Førdedrakta. Vi har konkludert med å avslutte samarbeidet no, og ho reiser difor heim til Sverige etter kampen i dag. Støtteapparatet og spelarane vil takke Estelle for hennar bidrag med profesjonalitet inn i laget.
Måla til Førde: Annette Kaalstad 5 (3 på straffe), Oda Vindheim 3, Kinga Lemiech 3, Berenice Olga Halvorsen 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Estelle Ahlquist Lundh 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Tuva Tefre Kalstad 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
![Førde J12 på Fjordcup](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2024/6/3/638530221822879883fjordcup-1.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
![Avslutta god sesong med to nye poeng](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/21/siger-mot-bj-rnar--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
![Øyvind: Imponerande sesong av jentene](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/17/-yvind-photoevent2.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
![Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/4/638478623446583799434066632-1107509943707082-6920077772539465675-n.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
![Stortap mot serieleiaren](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/23/638468089264594123alex-best-mot-gneist.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
![Gjensyn med Emma](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/20/emma-gloppestad-mot--rstad.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gjensyn med Emma
20.03.2024