Spennande og utfordrande bortehelg

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Jan 2024

Etter komfortabel siger mot Follo 2 på heimebane sist laurdag ventar to tøffe bortekampar komande helg. Etter ein lang tur til Østfold skal Førde måle krefter med Fredrikstad 2 laurdag og Rygge søndag. Heimekampane mot desse to laga var jamne. Mor Fredrikstad 2 vart det eittmålstap, medan vi vann med to mål mot Rygge.

I den kampen vart Estelle Ahlquist Lundh (biletet) kåra til vår beste spelar. Vi kryssar fingrane for at ho og resten av laget sikrar poeng også i Østfold.

Trenar Øyvind Indrebø er klar på at dette blir utfordrande oppgjer.

-  Vi møter to gode lag i Fredrikstad 2 og Rygge komande helg. Vi må nok prestere på vårt aller beste for å hente heim poeng. Kampane er i utgangspunktet heilt opne, slik at det kan bli alt frå 0 til 4 poeng. Vi skal gjere alt vi kan for å levere gode prestasjonar. Per tid har vi litt utfordringar med sjukdom og skader, men håpar vi kan mønstre eit godt lag både laurdag og søndag. Vi gler oss.


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.