Øyvind: - Viktig nøkkelkamp

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jan 2024

Laurdag klokka 16 er det klart for den første seriekampen i 2024, heimekamp mot Follo 2. Begge laga har spelt 11 kampar, vi er nummer fem med 14 poeng, Follo er sist med fem. I haust vann vi 31-22 borte, så på papiret skulle dette vere grei skuring. Men som vi alle veit: handball er ikkje matematikk. Kvar kamp lever sitt eige liv. I bortekampen var det lenge jamt, det stod 12-12 ved pause.

Og trenar Øyvind Indrebø tek slett ikkje lett på kampen mot Follo 2:

- Etter 14 dagars juleferie, er det rett på ein viktig nøkkelkamp. I jule- og nyttårshelga har fokus vore å pleie den fysiske delen, saman med å samle krefter til ein spennande 2. halvdel av sesongen.

- På laurdag møter vi eit ungt og talentfullt Follo 2, som har hatt ei veldig positiv formutvikling i november og desember. Vi må difor prestere opp mot vårt beste, om poenga skal bli igjen i Førde.

- Når det gjeld skader/sjukdom er som kjent Martine og Benedicte ute for resten av sesongen. Oda er i fin utvikling og tilbake i trening. Usikre momentet inn mot kampen lørdag er Amalie med eit virus i kroppen. Vi gler oss til kamp igjen, og håpar på solid støtte på tribuna.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.