Vktig steg mot opprykk
Postet av Førde IL - Handball den 13. Des 2023
H4: Førde-Dale 35-25 (14-10): Unggutane frå Dale opna friskt, og heimelaget måtte sjå at det stod 1-5 på måltavla etter ni minutts spel. Angrepsspelet til Førde gjekk for sakte fart i starten, og avslutningane sat ikkje. Men så tok dei grep. Eit offensivt forsvar med Lars Engen Skadal som spydspiss gjorde at Dale-spelarane gjorde mange feil. Etter 18 minutt var vi a jour på 8-8. Til pause stod det 14-10 til Førde.
Dale hengde bra med dei første 20 minutta av andre omgangen og var berre tre mål bak på 26-23. Men derifrå og inn var det rått parti. Til slutt stod det 35-25 og heimelaget kunne juble for viktige poeng. Vi har 16 poeng på 8 kampar, med andre ord full pott. No er avstanden ned til Dale på seks poeng (Dale har ein kamp mindre spelt). Det betyr at om laget ikkje snublar i returkampane mot dei laga dei har slått med god margin, så vil det ikkje hjelpe Dale om dei vinn mot Førde i Fjalerhallen. Det meste tyder på at Førde går mot sitt andre opprykk på to år.
Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11 (1 på straffe), Lars Engen Skadal 8 (1 på straffe), Jakub Rycerz 6, Thomas Niiranen Hamre 4, Kristian Henden 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Ole Kristian Gjerstad 1.
Sivert Igelkjøn Åsnes var toppscorar for Dale med 7 mål.
![](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2023/12/13/h4-f-rde-dale-13.12--2-.jpg?autorotate=true&width=1024&quality=90)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
![Førde J12 på Fjordcup](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2024/6/3/638530221822879883fjordcup-1.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
![Avslutta god sesong med to nye poeng](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/21/siger-mot-bj-rnar--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
![Øyvind: Imponerande sesong av jentene](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/17/-yvind-photoevent2.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
![Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/4/638478623446583799434066632-1107509943707082-6920077772539465675-n.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
![Stortap mot serieleiaren](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/23/638468089264594123alex-best-mot-gneist.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
![Gjensyn med Emma](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/20/emma-gloppestad-mot--rstad.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gjensyn med Emma
20.03.2024