Målet er to nye poeng
Postet av Førde IL - Handball den 26. okt 2023

Etter fire nye bortepoeng i 2. divisjon er Førde-damene klare for heimekamp mot Fredrikstad 2 søndag klokka 12 i Førdehuset. Vi er i toppen av avdelinga vår med ti poeng på seks kampar, og målet er at det skal vere 12 poeng etter kampen.
Men trenar Øyvind Indrebø åtvarar mot å tru at det berre er å innkassere poenga.
- Vi er førebudde på ein tøff kamp mot eit lag som har vunne to klare sigrar og tapt to kampar, (mot to av topplaga). Så vi møter eit meget godt lag på søndag, men den utfordringa skal vi ta. Til kampen stiller vi i all hovedsak med same lag som var i Bergen førre helg.
Møt opp og støtt laget vårt!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
J 14 i Fredrikstad Cup
25.05.2026
J14 på Fredrikstad
25.05.2026
Treningsleir i Spania med Førde United
21.05.2026
Førde IL Handball tildelt Klubbhuset nivå 2
10.05.2026
Hjerteligaens sesongavslutning
27.04.2026