Førde G16 var i helga på plass i Drammen for å vere med på Glasscup. Turen starta frå Hafstadparken fredag, og vi var på plass på Marinenlyst skule kring 22-tida på kvelden. Gutta kom seg på plass på skulen dei overnatta på, og gjorde seg litt kjent i området på den lille timen dei fekk før det var stilletid. Gutane fekk litt informasjon om morgondagen, så var det rett til sengs.
Dagen starta 0620 med frokost, og avreise var 0700. Dei møtte Glassverket IF første kampen klokka 0800. I denne kampen var gutane på frå start, og gjekk tidleg opp i leiinga. Denne leiinga stod seg til det var gått 15 minutt, men då sette Glassverket opp tempoet. Dette resulterte i at Førde-gutane slapp inn nokre enkle mål, og fekk nokre tekniske feil framover grunna stress. Til slutt rykka diverre Glassverket frå, og kampen enda 20-13 i favør Glassverket.
Fra venstre på biletet: Matheus, Vegard, Kasper, Håvard, Oliver og Jonas.
I kamp nummer to stod LFH 09 (Lillehammer Faaberg Håndball) på motsatt side. I det dommaren blåste i gong kampen, var det ingen tvil om kven som skulle kome sigrande ut av kampen. Gutane tetta igjen bakover, og vann enkle ballar som resulterte i kontringsmål. I etablert angrep var det fin flyt, og LHF 09 hang ikkje med. På slutten leiia Førde med 6 mål, og sette tempoet ned. LHF fekk nokre enkle mål, og til slutt enda kampen i ein komfortabel 17-13 siger. Solid laginnsats og formidable tilskodarar på tribuna sørgja for at dette vart ein real opptur etter den første kampen.
23 Vegard, 10 Kasper og 16 Jakob, kamp mot Strindheim.
I dagens tredje kamp møtte gutane Strindheim IL. Denne kampen starta Førde-gutane svakt, og fekk verkeleg kjenne på kor hardt straffa ein kan bli når ein møtar sterkare motstand. Strindheim starta kampen med ein enorm fart, og ein enorm innsatsvilje og skaffa seg raskt 6-målsleiing. Etter at sjokket over tempoet var over for Førde sin del, byrja opphentinga sakte, men sikkert. Ein kombinasjon av pågangsmot frå gutane, og nokre småjusteringar bakover og gode returløp, så byrja angrepsspelet til Førde å kome på plass. Førde blei ikkje stressa av å ligge bakpå, og scora mål frå alle posisjonar. Det enda diverre med eit kjedeleg 2-målsstap, men gutane viste igjen at dei har eit godt nivå inne når dei er påskrudd.
Søndags morgon var gutane klare for kvartfinale mot Konnerud IL. I denne kampen fekk gutane sjå kor høgt nivå enkelte G16-lag har andre stader i landet. Førde-gutane viste tidvis glitrande angrepsspel, men Konnerud var betre enn oss i alle delar av spelet, og dei rodde i land en solid 27-17 siger. Med dette rauk Førde ut av Glasscup 2023, og måtte vende snuten heim.
Vi ynskjer å takke sponsorar og føresette for mogelegheiten til å få ei kjekk og sosial avslutning på sesongen, og ikkje minst takk til Høyang IL for låne vekk minibussen sin!
Tekst og foto: Kristian Henden.