Klar for serieinnspurt: Øyvind har trua!

Postet av Førde IL - Handball den 13. Apr 2023

Etter påskeferie og nokre kampfrie helger brakar det laust med dei tre siste kampane i 2. divisjon denne sesongen. Alle kampane går på heimebane, og først ut er oppgjeret mot tabelltoar Åsane komande laurdag 15. april klokka 16.00.

Det gjekk veldig bra i dei siste kampane før påske, og trenar Øyvind Indrebø håpar og trur at den trenden skal halde fram.

- Vi er no på oppløpssida i årets sesong med til slutt tre heimekampar i løpet av tre helger. Først ut er Åsane på laurdag, eit lag som framleis kjempar om opprykk til 1.div. Så dette er definitivt den tøffaste kampen av dei tre gjenståande kampane.

Vi hadde ei god prestasjonsutvikling dei fire siste kampane før påske. Det resulterte i 8 poeng på 4 kampar, og vi har trua på at vi tek dette med oss inn i serieinnspurten.

Vi gler oss til å kome i gang med kampane igjen, og håpar vi sjåast i Førdehuset!

Situasjonen før kampane i helga er at Førde ligg på åttandeplass med 13 poeng, bak oss har vi BSI med 12, Nærbø med 11, Stavanger med 9 og Årstad med 5 poeng. Årstad har berre to kampar igjen og er uansett klar for nedrykk. Stavanger og Nærbø har fire kampar att, dei møtest innbyrdes i siste serieomgang. No på laurdag spelar BSI mot Stavanger i Bergen.

På papiret er sjansane til poeng mot Åsane ikkje så store, men jentene gir seg ikkje utan kamp. Men utsiktene til å vinne er langt større i dei to siste kampane, mot Gneist og Tertnes. Tertnes spelte vi uavgjort mot i Bergen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.