Vi plukkar poeng - "imponert over jentene"
Postet av Førde IL - Handball den 19. Mar 2023
Sjølv om Nærbø litt overraskande kriga seg til ein eittmålssiger og to poeng mot Tertnes i Bergen søndag, så ser tabellsituasjonen for Førde langt lysare ut enn for vel ei veke sidan. Vi er framleis nestsist, men er a poeng med Stavanger, eitt bak BSI og to bak Nærbø. Stavanger tapte heime mot Gneist, og Årstad, som er heilt sist med 5 poeng, tapte stort mot Ålgård.
Etter 60 spennande og intense minutt laurdag kveld med knallhard kjemping drog vi i land endå ein siger i kampen for å halde oss i 2. divisjon! Mot Nærbø stod det 13-13 ved pause, men mot slutten fekk vi overtaket og vann 25-22.
Oda Vindheim vart vår toppscorer med 7 mål, Emma Gloppestad og Kinga Lemiech sette inn 6, Benedicte Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.
Kinga Lemiech (på biletet, saman med Merethe Solheim Klakegg) vart kåra til vår beste.
Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen: Vi er svært letta etter denne sigeren. Det var ein slitekamp frå start til slutt. I første omgang fekk vi ikkje tak på skot frå distanse, vi brende sjansar og mangla litt glød. Men etter ein god pauseprat stod jentene fram på ein mykje betre måte i forsvar. Med betre uttelling i angrep kunne vi hatt ei endå større leiing inn mot sluttminutta. Men når det er sagt er vi i lagleiinga svært nøgde med kampen. Vi er veldig imponerte over jentene!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024