Kampen mot Nærbø blir viktig

Postet av Førde IL - Handball den 14. Mar 2023

Gjekk du glipp av den spennande kampen mot Randesund sist laurdag og gledesscenene etterpå? Komande laurdag er det ny heimekamp, og den kampen blir endå viktigare å vinne. Motstandar er Nærbø, som står med ni poeng. Vi har sju poeng. Det seier seg sjølv at to poeng der kan få mykje å seie for kampen mot nedrykk. Dersom Nærbø tek begge poenga, vil dei vere fire poeng føre oss. Vinn vi, er vi a poeng.

Trenar Øyvind Indrebø er spent framfor kampen.

- Etter ein sterk prestasjon førre lørdag, går vi inn i ein spennande sesongavslutning. Vi har seks kampar igjen, og dei fleste av desse kampane er mot lag nær oss på tabellen, der vi kan både slå og tape mot dei fleste.

Foto: Photoevent.

- Første hinderet er Nærbø i Førdehuset førstkomande laurdagskveld kl 18.30. Det vart tap mot dei borte i serieopninga. Motivasjonen er stor for å revansjere det tapet. Det er sjølvsagt veldig gunstig å vinne ein slik kamp, men vi har fleire kampar der vi kan ta nødvendige poeng. Det betyr at vi MÅ ingenting, men vi er i ein fantastisk angrepsposisjon.

Førre laurdag var det kjempestemning i Førdehuset, noko som laget sette svært stor pris på. Vi håpar mange tek turen i Førdehuset komande laurdag, og kan vere den «åttande spelaren» på bana, seier Øyvind.

Så difor, kjære handball- og Førde-entusiastar: møt opp i Førdehuset laurdag 18. mars klokka 18.30 og hjelp laget vårt til to nye poeng! Støtte frå tribuna kan fort gje nokre plussmål.

Helga etter, den 25. mars, møter vi BSI i Bergen. Dette laget slo vi i Førdehuset i haust. BSI har 10 poeng, og vi kan  med andre ord passere både dei og Nærbø dersom vi får full pott i begge kampane. Innsatsen jentene la ned mot Randesund gav sjølvtillit i tillegg til poeng, med same gutsen i desse to viktige kampane er det god grunn til å håpe på det.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.