Endeleg jubel for to poeng!

Postet av Førde IL - Handball den 11. Mar 2023

Førde-Randesund 29-28 (16-13): Endeleg kunne spelarar, støtteapparat og det trufaste heimepublikummet sleppe jubelen laus. For etter svært spennande sluttminutt enda kampen mot Randesund med eittmålssiger. Og det var fullt fortent, for Førde hadde leiinga det aller meste av kampen og kunne dra i land to poeng mot eit lag som ligg mykje høgare på tabellen.

- Dette var bonuspoeng for oss, sa assistenttranar Oddny Sønnesyn etter kampen. Men ikkje minst er det eit resultat som gir oss sjølvtillit framfor serieinnspurten.

Kinga Lemiech hadde ein god start på kampen og hadde notert seg for fire mål alt etter 12 minutt. Då leia vi 6-4, og vi var oppe i femmålsleiing 14-9 med seks minutt igjen av omgangen. Den leiinga knappa Randesund inn til eitt mål, før to kjappe mål av Emma Gloppestad gjorde at vi auka til tre før pause.

I andre omgang var vi ei stund oppe i firemålsleiing, men så kom ein periode der skota ikkje var godt nok innstilte, og Randesund reduserte fleire gonger. Midtvegs i omgangen var det likt, 22-22, og med ti minutt igjen var bortelaget føre med to mål. 

Smilet til Andrea seier det meste om kva poenga betyr.

 

Men då vakna vinnarinstinktet hjå heimelaget. ikkje minst hjå målvakt Andrea Boge Solås. Ho hadde fleire gode og viktige redningar, og vart kåra til vår beste spelar. J16-spelar Tuva Tefre Kalstad sette inn tre viktige mål få høgrekanten. Innsatsen til Kinga Lemiech resulterte i utlikning 28-28 og at ein Randesund-spelar vart utvist. I overtal og med knappe to minutt igjen sette kaptein Oda Vindheim inn 29-28.

Det påfølgjande Randesund-angrepet enda med skot over, og Øyvind Indrebø tok timeout med 45 sekund igjen. Då spelet vart sett i gang att, var dommarane svært kjappe med å markere for passivt spel, og bortelaget fekk sjansen til å utlikne. Men då var Førde-forsvaret kompakt, og det enda med eit frikast som gjekk i muren.

Dermed var det vill jubel for svært tiltrengde poeng. Vi er no oppe på sju poeng, vi er framleis nestsist, men vi har tre lag innan rekkevidde, og det er seks kampar igjen. Og som Oddny Sønnesyn sa, eit slikt resultat og ein slik prestasjon avlar sjølvtillit. Det lovar godt for dei kampane som står att av sesongen.

Måla til Førde vart scora av Emma Gloppestad 10 (1 på straffe), Oda Vindheim 7 (3 på straffe), Kinga Lemiech 5, Benedicte Frøyen Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Sara Dyrhol Vatne 1.

Toppscorarar for Randesund var Marlin Swift-Johannessen og Anne Benestad Rosenvold, begge 8 mål. Isabel Gunnerød vart kåra til deira beste.

Førde-muren stod imot då Randesund prøvde å utlikne på kampens siste kast.

 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.