Samarbeid med fotballgruppa
Lagt ut av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023
På styremøtet 7. februar var ei av sakene eit utkast til samarbeidsavtale med fotballgruppa. Målet er å unngå unødvendige konfliktar, og syte for at gutar og jenter som ynskjer det, kan drive med både handball og fotball lengst mogeleg. Styret hadde framlegg til eit lite tillegg i avtalen, vi ynskjer at det skal vere møte mellom gruppene på leiarnivå to gonger i året.
På møtet orienterte leiar i sportsleg utval, Øyvind Fougli Vraalsen, om at det no blir sett i gang eit guteprosjekt, med tanke på å få fleire gutar med frå neste sesong. Han har teke kontakt med Jølster Il om samarbeid, og vil og snakke med Gaular IL.
Øyvind Indrebø fortalde om status for damelaget i 2. divisjon. Sjølv om laget har tapt dei tre kampane etter nyttår, er han meir optimistisk no enn før jul, med tanke på å berge plassen. Vi har fått på plass ein ny spelar, polske Kinga Lemiech, og det er framleis 20 poeng å kjempe om.
Rekneskapen for 2022 er klar. Den viser eit overskot på vel 165.000 kr. Leiar Rune Øksenberg seier at det har vore jobba godt for å skaffe inntekter og for å halde kostnadene nede. Vi har eit godt grunnlag for drift av handballgruppa framover. Eit godt overskot på Extra Førde Cup er hovudårsaka til det positive resultatet.
Det vart avgjort at vi skal avvikle årsmøtet den 8. mars klokka 18.00 i Hafstadparken, så sant det er ledig der. Viss ikkje, blir årsmøtet på Scandic Sunnfjord Hotell.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Dei slo til på bortebane!
24.09.2023

God start på 4. divisjon
17.09.2023

Tremålstap i serieopninga
16.09.2023

Annette gler seg til seriestart
13.09.2023

Tuva på regional landslagssamling
07.09.2023

Ein kjekk leksjon i effektiv handball
05.09.2023