J14 med slitesiger mot Bjørn
Postet av Førde IL - Handball den 24. Jan 2023
 Jenter 14 har hatt god utvikling den siste tida, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Bjørn i Gaupne.  Dette var ein kamp vi burde, og skulle vinne, men ein skal ikkje selje skinnet før Bjørnen er skoten. Det har vi nok ein gong kjent på i dag.
Jenter 14 har hatt god utvikling den siste tida, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Bjørn i Gaupne.  Dette var ein kamp vi burde, og skulle vinne, men ein skal ikkje selje skinnet før Bjørnen er skoten. Det har vi nok ein gong kjent på i dag. 
Vi starta bra og fekk raskt ei god leiing med 7-1 etter at fem minutt var spelt. Jentene gjekk i fella som ein ofte går i når ein leiar: dei slappa av og gløymde oppgåvene sine. Dette resulterte i ei lita 12-9 leiing til pause.
Jentene sitt spel var ikkje til å kjenne att frå dei siste kampane, og i pausa fekk jentene klar melding om å spele handball sånn Kristian veit dei kan. Noko betring blei det, men etter halvspelt 2.omgang var stillinga 15-15.
Førdejentene innsåg at det kunne gå mot tap og klarte å samle seg så mykje at dei til slutt drog sigeren i land med 20-18. Det er godt at vi kan dra i land ein siger sjølv om vi ikkje kan skryte over godt spel.
Tekst og foto: Linn Solheim-Sunde
 
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
 
                        
                    
             
            Kom å blir med🤾♂️🤾♀️
21.10.2025
 
                        
                    
             
            Stor dag for Førde United!
11.10.2025
 
                        
                    
             
            Vi trenger DEG i håndballstyret! 💙
05.10.2025
 
                        
                    
             
            Oppstart av trening for 6-12-åringer
17.09.2025
 
                        
                    
             
            Trening for damer og herrer i Trivselsserien
14.09.2025
 
                    
			    	    