Herrelaget utan poengtap
Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023
Førde-Skjergard 33-20 (15-11): Førde hadde få problem med å innkassere sin fjerde strake topoengar då botnlaget Skjergard kom på besøk i Førdehuset. På biletet over set Thomas Niiranen Hamre inn eitt av sine tre mål. Skjergard kom til Førde utan innbytarar, og i starten såg dei aldeles hjelpelause ut. Førde gjekk fort opp i 6-0-leiing.
Men så skjer det som ofte skjer når motstandaren er svak. Heimelaget tok til å gjere enkle feil, samstundes som Skjergard-spelarane fekk litt sjølvtillit. Dermed stod det brått 8-5 på tavla. Inn mot pause greidde ikkje Førde å auke leiinga med meir enn eitt mål, slik at det stod 15-11 ved halvtid.
Andre omgang vart langt betre. Etter 19 minutt var vi 14 mål føre. Men då kom ein ny downperiode, der Skjergard scora tre mål utan at vi kvitterte. Det kom seg att litt mot slutten, slik at sluttresultatet vart 33-20.
Lars Engen Skadal vart toppscorar med 13 mål, av dei to på straffe. Daniel Kvidahl sette inn ti mål, Robin Gjesdal tre, Thomas Niiranen Hamre tre, Kristian Henden to, og Jakob Hoff og Simen Roligheten eitt kvar.
Sjølv om Førde er utan poengtap er det BSI2 som toppar tabellen i 5. divisjon. Dei har 12 poeng på sju kampar, medan vi har åtte på våre fire.
Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024