Handball frå morgon til kveld
Postet av Førde IL - Handball den 27. Aug 2022
Dei første kampane i Extra Førde cup vart spelte fredag kveld, og alt klokka åtte laurdag var det på an igjen med kampar både i Førdehuset og i Halbrendshallen. Stor innsats, mykje handballmoro og ein solid dugnadsgjeng syter for at det heile går bra. Matgjengen har gjort eit flott stykke arbeid med smakfull og næringsrik mat. Dei varta opp med nydeleg frukost til alle på cupen. Dei har servert havregraut, brødmat, eggerøre, sveler og alt du kan tenke deg av pålegg!
Dagfinn Vik er ansvarleg for kampoppsettet og ser til at laga møter opp til rett tid, at dommarane er på plass og at det er folk i sekretariatet, og så fyller han inn resultata etter kvart på tavla si.
For oss i Førde er det litt stort at vi kunne stille med herrelag i Extra Førde cup, og dei var ikkje snauare enn at dei vann 9-4 over Lindås i første kampen. Dermed god stemning etter kampen...
Ei slik turnering er ikkje mogeleg utan dommarar som stiller opp og dømmer kamp etter kamp. Flott at dei gjer sitt. Her er fire av dei...
Maskoten frå Sunnfjordparken var med på tribuna, til stor glede for mange ....
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024