Enorm idrettsglede trass i mange tap
Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Mai 2022
Då er 4. divisjonslaget endeleg ferdig med årets sesong. Etter eit opphald i slutten av fjoråret og inn i det nye året, så blei sesongen for vår del ekstra lang. I løpet av sesongen har vi hatt det litt trått med ein del sjukdom (covid 19), eit par skader, og ein del av spelarane våre som gav seg midt i sesongen. Men kjernegruppa vår har verkeleg stått på med både få folk på trening og lange kampar med få pausar.
Men likevel så klarer vi å vise enorm idrettsglede, og det er vel det viktigaste. Eit eksempel på dette er eine kampen i Årdal då vi reiste dit med åtte spelarar. Vi tapte, men vi var nok det laget som ropte og jubla mest. Dette tok nok årdølene litt på senga.
Trass i utfordringar i sesongen så har vi ikkje gitt opp, og i siste serierunde kjempa vi åtte mot Florø sine rutinerte og samspelte 10 spelarar. Vi viste glede og innsats, og ingen fortente to poeng meir enn oss den kvelden.
Og så bør vi ta med at vi har plass til fleire spelarar neste sesong....
Tekst: Vegard Marius Benjaminsen.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Dei slo til på bortebane!
24.09.2023

God start på 4. divisjon
17.09.2023

Tremålstap i serieopninga
16.09.2023

Annette gler seg til seriestart
13.09.2023

Tuva på regional landslagssamling
07.09.2023

Ein kjekk leksjon i effektiv handball
05.09.2023