Tap mot botnlaget

Postet av Førde IL - Handball den 1. Mai 2022

Førde-Viking 22-29 (12-12): Førde-damene greidde ikkje å avgjere nedrykksstriden i heimekampen mot Viking, som låg sist med fire poeng før dagens kamp. Det gjekk vår veg i Rogaland, der Nærbø slo Kjøkkelvik 39-30, og dermed kunne vi ha sikra oss vidare 2. divisjonsspel om vi hadde vunne over Viking. Men heimelaget verka forknytt, det stokka seg i angrep, alt for mange av skota var lett match for Vikings keeper, Emily Marie Myrmo, som vart kåra til deira beste spelar. Ho redda mellom anna fem av dei seks straffekasta Førde vart tildelt. Vår kaptein, Oda Vindheim, (biletet) vart vår beste spelar med sju mål. Begge fekk premie frå kampsponsor Magne Hafstad AS.

I første omgang var forsvarsspelet bra, medan det halta veldig i angrepsspelet. Guro Horten Solberg var på bana berre eitt angrep. Eit ribbeinsbrot som ho pådrog seg i laurdagens kamp mot Åsane gjorde at ho måtte sjå resten av kampen frå benken. 

Stillinga ved pause var 12-12, og andre omgang starta bra. Vi var i leiinga ei stund, men så datt kvaliteten både i forsvar og angrep, og Viking scora på det meste. Til slutt stod det 22-29 på måltavla. 

Trass i tapet er vi framleis over nedrykksstreken med sju poeng, Viking og Kjøkkelvik har seks. Viking har sin siste kamp 4. mai mot Årstad og kan passere oss om dei vinn. Vi har eit viktig oppgjer att mot Kjøkkelvik 15. mai. I tillegg har vi att to kampar mot Gneist og ein mot Stavanger.

Trenar Øyvind Fougli Vraalsen sa etter kampen at resultatet avspeglar den treningskvardagen Førde har. Det er berre i kampar det er sjanse til å samspele laget.

Måla til Førde: Oda Vindheim 7, Martine Vindheim 4, Emma Gloppestad 3, Ingrid Sofie Indrebø 3. Martoine Orrestad Andersen 3, Veslemøy Risnes Kjønås 1, Alexandra Afloarei 1 mål.

Hannah Mirkovic Sønnervik vart toppscorar for Viking med 10 mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.