J16 fullførte sesongen med stil!

Postet av Førde IL - Handball den 9. Apr 2022

VVi kapra tre poeng på dei siste to kampane mot Florø og Eid!

Mot tabelltoar Florø heime torsdag så heng vi litt bakpå frå start. Vi slit med å få ballen i mål, mens forsvarsspelet på den andre sida er relativt greit. Vi går til pause på stillinga 10-6 til Florø. Halvvegs ut i 2. omgang begynner det omsider å losne framover. Florø har ein stabil ledelse på 3-4 mål heilt til det er om lag 10 minutt igjen av kampen. Då begynner vi å finne ordentlig ut av ting framover. Vi tettar gradvis luka, og frå det 15. til det 23. minutt set vi ballen seks gonger i nettet bak Florø-målvakta utan at Florø klarar å kvittere. 

Plutseleg er det vi som er foran og har muligheit til å avgjere det heile. På stillinga 15-14 set vi opp eit godt forsvar som gjer at Florø må avslutte på frikast. Dessverre får dei stjernetreff på sitt siste desperate forsøk på å få ballen i mål. Vi får dessverre ikkje nok tid til å skape ein siste god nok sjanse, og det ebbar ut på uavgjort og 15-15. 

Ein kamp som viser at vi fortsatt har litt å gå på framover, mens forsvars- og målvaktspelet gjennom heile kampen er fantastisk bra. Berre fem baklengs i 2. omgang!  Eitt poeng ut frå kampforløpet må vi seie oss veldig godt fornøgd med! Mange lag ville med 4-5 mål bak på eit så seint tidspunkt i kampen kanskje gitt halvvegs opp, men denne gjengen held berre fram med å imponere oss meir og meir! 

Til motsetning frå tidlegare har vi no begynt å spele med ein enorm fightervilje og glød uansett resultat heilt til sluttsignalet går, og det har vi og no begynt å få betalt for! 

Laurdag møtte vi Eid til sesongens siste kamp. Då vi møtte Eid i januar spelte vi vår desidert verste kamp og vi var veldig klare på at det ikkje skulle skje igjen! Etter å ha køyrt gjennom fleire årstider med regn, snø, sludd heile vegen frå Førde, troppa vi opp i garderoben i Eid Idrettshus. Der blei vi einige om at det var viktig å vere «på» med ein gong i forsvar, då vi visste at Eid var hissige på å køyre høgt tempo med ein gong frå avkast og ta tidlige avslutningar. 

Bakover fortset det gode spelet frå dei siste kampane, men vi får, som litt for ofte denne sesongen, ein litt treig start på kampen framover der vi gjer nokre smånervøse vurderingar som gjer at vi mistar ballen eller pådrar oss tekniske feil. Eid er i føringa fram til rundt det 8. minutt. Deretter begynner vi å ta dei riktige vurderingane i duellspelet og finne lukene framover. Vi trykker betre på i etablert angrep, spelar med litt betre avstand til Eid-forsvaret og skapar meir ubalanse i rekkene deira. 

Derifrå og ut ser vi oss ikkje tilbake resten av kampen. Vi rir på leiinga og har ei luke på mellom tre og fem mål heile vegen ut. Stillinga til pause er 15-11. 2 omgangen fortset i same spor som den første. Vi jobbar godt bakover og lukkast godt med samarbeidet mellom kven som tar ansvar for bakspelar og linje, og med nokre unntak kjem vi på ballsida av linja ofte nok til å øydeleggje Eids forsøk på å utnytte linjespelaren sin. 

Ein liten periode der vi får to raske tominuttarar mot oss gjer at vi nok ein gong trudde vi kom til å gjere dette til ein altfor spennande batalje, men vi slepp unna med skrekken og rir av stormen utan å få hjertet altfor langt opp i halsen denne gongen. 

Vi vinn til slutt 25-21! På minussida ein kamp med litt mykje tekniske feil og der vi skyt Eid-målvakta altfor god, mens på plussida spelar vi nok ein glimrende og stabil målvakts- og forsvarskamp, og når vi verkeleg får flyt på angrepsspelet og tar tak i duellspelet så er vi gode! Det kan ikkje understrekast nok kor viktig det er å terpe på å meistre duellspelet i handball og sette opp angrepa godt nok til å utnytte duellspelet til vår fordel. Her har vi fortsatt mykje å gå på, men det skal vi fortsette å jobbes hardt med. 

Alle spelarane bidrar sterkt på kvar sin måte til sigeren, og vi scorar frå alle posisjonar og i alle spelets fasar! Totalt ein sesong som resultatmessig har snudd totalt på hovudet frå før jul til etter jul! Etter sju strake tap og mykje stang ut trykte vi verkelig på gasspedalen og snudde trenden. Etter jul har vi tatt fem sigrar, spelt uavgjort to gongar mot to av topplaga og berre hatt eitt tap. Med dagens siger klatra vi og to plassar på tabellen, sjølv om den pga pandemien i år kanskje ikkje er like representativ for alle lag. 

Vi er sjølvsagt aller mest opptatt av utviklinga til jentene, og den føler vi har hatt ein stigande og god kurve heile vegen og slik håper vi at det held fram. Deilig å avslutte sesongen på denne måten, og no skal vi ta ein velfortent påskeferie med godt samvit. Neste mål er Bergen Cup i sommar!

Tekst og foto: Eivind Stølen.

Nøgde jenter på ferja på veg heim.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.