Maria vår beste i seksmålstap
Lagt ut av Førde IL - Handball den 26. Mar 2022
Førde-Tertnes 20-26 (7-12): Dei siste 40 minutta av seriekampen mot Tertnes var oppløftande og gir håp om viktige poeng i kampar der vi møter dei andre laga i nedrykksstriden,først og fremst Viking og Kjøkkelvik. Ein svak periode i første omgang var hovudårsaka til tapet. Etter ein OK start der det stod 2-2 etter fem minutt, kom det eit kvarter der lite stemte. Forsvarsspelet var ikkje så ille, men i angrep var det lite trøkk, mange feilpasningar og for dårlege avslutningar. Dermed stod det 3-10 på måltavla etter 20 spelte minutt.
Derifrå og inn beit Førde-jentene godt frå seg. Til pause stod det 7-12. I andre omgang var leiinga til Tertnes ei stund nede på fire mål, men noko nærare kom vi ikkje. Det var likevel ein god del å gle seg over. Maria Ullebust Oppedal, som har meldt seg til teneste etter å ha vore borte frå handball i to år, nærmar seg gamle høgder, og ho fekk eit gåvekort frå Coop etter å ha blitt kåra til beste spelaren på heimelaget. Ho prikka inn sju mål og gjorde også ein god kamp i forsvaret.
Ina Borlaug blir gratulert med kampen av leiar i Førde IL Handball, Rune Øksenberg.
Ina Borlaug vart kåra til beste spelaren på Tertnes og var deira toppscorar saman med Margunn Snekkevik Vik med seks mål kvar. Tidlegare Førde-spelar Emilie Myklebust Sande sette inn fem mål.
Måla til Førde: Maria Ullebust Oppedal 7, Oda Vindheim 5, Martine Orrestad Andersen 2, Martine Vindheim 2, Veslemøy Risnes Kjønås 2, Ingrid Sofie Indrebø 2.
Det var bra oppmøte på tribunane i kampen mot Tertnes og til tider bra trøkk. Vi håpar at dei som var der kjem igjen på den siste heimekampane våre.
Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Dei slo til på bortebane!
24.09.2023

God start på 4. divisjon
17.09.2023

Tremålstap i serieopninga
16.09.2023

Annette gler seg til seriestart
13.09.2023

Tuva på regional landslagssamling
07.09.2023

Ein kjekk leksjon i effektiv handball
05.09.2023