Marit og Kjerstin best på kvart sitt lag
Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2022
"Våre to" i norsk topphandball, Marit Ova Bøyum og Kjerstin Boge Solås, vart begge kåra til beste spelaren på laga sine i seriekampar onsdag kveld. Laget til Marit, Fana, hadde heimekamp mot Fredrikstad, og såg ut til å cruise inn til klar heimesiger. Etter 16-13-leiing ved pause auka dei til sjumålsleiing eit stykke ut i andre omgang. Men derifrå og inn var det nesten bråstopp, og eit halvt minutt før slutt leia Fredrikstad med eitt mål. Etter ein timeout greidde Fana å sette inn utlikningsmålet, slik at det enda 29-29.
Marit Ova Bøyum sette så absolutt sitt preg på kampen. Ho sette inn seks mål, var nest sist på seks og skaffa laget sitt eit straffekast som resulterte i mål. Og ho vart altså kåra til beste spelaren på Fana i denne kampen.
I Trondheim var Kjerstin Boge Solås omtrent like sentral for Byåsen, som vann 26-20 over Oppsal. Men både ho og resten av laget var langt frå sitt beste nivå i starten av kampen. Det gjekk 13 minutt før Byåsen scora. Då hadde botnlaget Oppsal sett inn fire mål.
Men dei henta seg inn, slik at pauseresultatet var 11-11. Og utover i andre omgang viste Byåsen seg frå ei betre side. Kjerstin sette inn fem mål, var nest sist på fire og skaffa Byåsen eitt målgivande straffekast og vart kåra til den beste spelaren på heimelaget.
Tekst: Kjell Arvid Stølen.
Foto av Marit: Bjørn Erik Nesse
Foto av Kjerstin: Lars Skaug.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024