Eit kapteinsteam av omsorgspersonar

Postet av Førde IL - Handball den 16. Des 2021

I tillegg til kaptein Oda Vindheim, har 2. divisjonslaget til Førde to visekapteinar: Målvakt Andrea Boge Solås (25) og kantspelar Veslemøy Risnes Kjønås (22). Begge studerer sjukepleie i Førde. Når vi veit at også Oda er sjukepleiestudent, så kan det seiast at Førde har eit kapteinteam  fylt med omsorgspersonar.

Veslemøy var ikkje med då Førde spelte  i 1. divisjon. Ho starta med handball som lita jente og var med oppover i aldersbestemte klassar i Førde, m.a. i Bring-serien og Lerøy-serien.

- Eg har ein eldre bror, Håvard, som spelte handball, og det låg litt i familien at det var kjekt. Så var eg eitt år i Bergen og spelte handball der, i NHHI, og så kom eg tilbake hit.

No er ho godt i gang med sjukepleiestudium, og har ein travel kvardag med trening, kampar, i tillegg til studiet. Likevel var det opplagt at ho ville vere med på å byggje opp eit nytt Førde-lag.

- Det var ein periode eg ikkje spelte handball, fordi det vart mykje , men eg oppdaga fort at eg sakna det, og eg er veldig glad for at eg vart med.

Kantspelaren har noterte seg for 22 mål i serien i år, ein del av dei på kontringar. Ho hugsar godt ein av kampane i Førdehuset i haust, der Førde leia med eitt mål kort tid før slutt.

Då kom ho åleine mot målvakta til Kjøkkelvik. Det enda med eit skot i stanga, og på tampen scora Kjøkkelvik to mål og vann 30-29.

- Eg fekk litt skuldkjensle, men så må vi tenke på at det var ikkje berre meg og det eine målet som gjorde at vi tapte, sjølv om det er lett å tenke at vi hadde vunne om eg hadde scora.

 

Trass i alle tapa i haust har Veslemøy hatt det veldig moro på handballbana.

-Eg har aldri tidlegare følt meg så sett, eg har fått mykje speletid, og eg synest det har vore veldig kjekt. Det er travelt med både handball og studium, men eg  trivst veldig godt med det.

Andrea Boge Solås spelte då Førde var i 1. divisjon, og såg at dei aller fleste av medspelarane forsvann etter nedrykket og i koronapausen frå mars 2020 til treningane kom i gang att i juni 2021. Likevel var ho klar då eit nytt lag skulle byggast.

- Ja, det var opplagt at eg ville vere med. Det var sjølvsagt kjipt å rykke ned, men eg var ikke klar for å gi meg med handball, så eg hadde veldig lyst til å vere med vidare.

Andrea kjem frå Dale og lærde å bli glad i handball der, men var glad for å få prøve seg på høgt nivå i 1. divisjon med Førde. Ho syntest det sleit på motivasjonen då koronaen gjorde at det var mykje av og på med trening, med trening utan kontakt. Men den lange pausen heilt utan handball fekk fram att motivasjonen.

- Så eg gledde meg veldig til å kome i gang att. Det er sjølvsagt kjipt at vi har tapt så mange kampar, men vi må ta med oss at mange av kampane var jamnspelte, og vi kunne godt ha teke poeng i ein del av dei. Så det er ikkje heilsvart. Eg har tru på at vi skal greie oss til slutt.

Koronarestriksjonane   gjer at den komande kampen som skulle ha gått i Bergen 18. desember mot Gneist, er utsett. Då er neste kamp mot Viking i Førdehuset 15. januar, og dette blir ein veldig viktig kamp, seier Andrea.

- Det er det einaste laget vi har teke to poeng mot,  så det kan bli heilt avgjerande å vinne også heimekampen.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.