Endeleg i gang att
Postet av Førde IL - Handball den 26. Sep 2021

Då var vi endeleg i gang igjen. Førde sine J11 sesongdebuterte i helga med fire kampar i ein nyoppussa Høyangerhall. Ein siger, eitt tap og to uavgjort vart fasiten i fire tette og underhaldande kampar. Jentene har trena to gonger i veka sidan skulestart og har teke store skritt sidan den amputerte fjorårssesongen. Trenarane Monika Litsheim og Harald Pilskog Stein har arbeidd målbevisst med jentene og var godt nøgd med å vere i gang med sesongen. Ein fin og samansveisa gjeng. Neste stopp er Vestkystcup i Florø om 14 dagar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Trygg på trening
19.02.2026
Årsmøte
16.02.2026
Sparebanken Norge Førde Cup 2026
13.02.2026
Visjon og verdiar
12.02.2026