HÅPET ER Å SPELE MEIR MOT LARVIK

Postet av Førde IL - Handball den 14. Des 2019



Maria Ullebust Oppedal

  • Fødd: 30.08.1991
  • Posisjon: Bakspelar
  • Tidlegare klubbar: Viking (under studietida), Førde
  • Utdanning: Logoped/lærar
  • Jobb: Flatene skule, Førde

Når Norges mestvinnande handball-lag gjennom historia, Larvik, kjem til Førdehuset søndag, håpar Førde-kapteinen Maria Oppedal å få meir speletid.

- På fredag var det eitt heilt år sidan eg rauk korsbandet. Sist helg fekk eg spele fem minutt, og no håpar eg iallfall at eg får spele det dobbelte, seier Førde sin lagkaptein. For tida på sidelinja har vore både lang og tung, og når ho no får meir og meir speletid merkar ho at ho er utolmodig.

- Det heile starta med at eg fekk ta nokre straffekast. Mot Fyllingen sist helg fekk eg spele dei første 5 minutta, og då vart det eitt mål, ei straffe og ein assist. Då kjende eg at eg fekk lyst til å spele meir, seier 28-åringen som er den store profilen i handballmiljøet i Førde.

16 mål i år

Sjølv om Maria Oppedal har vore ute med skade så langt denne sesongen, står ho bokført med 16 mål (kor 15 av dei har komme på straffe).

- Det er veldig kjekt å få ta straffene, men eg har jo mest lyst til å vere med i spelet. Men eg har samstundes full respekt for dei avgjerdene som fysioterapeuten og trenaren min tek. Men eg håpar sjølvsagt å få høve til å bidra meir og meir. Ikkje minst fordi spelarstallen er noko tynn i år, og vi treng litt fleire strengar å spele på, seier Maria Oppedal.

Slå Larvik

Motstandaren Larvik på søndag har i mange, mange år vore den store klubben i norsk damehandball, og har mellom anna vunne Champions League. Men dei siste åra har klubben hatt store utfordringar økonomisk, og vart etter fjorårssesongen degradert til 1. divisjon.

- Dei hadde ein tøff start på årets sesong, men no ser det ut til at dei har fått litt orden på sakene, og blir berre betre og betre. Så vi skulle gjerne ha møtt dei tidlegare. Men samstundes ser det ut til at årets 1. divisjon er svært jamn, og alle klubbane kan slå kvarandre. Det er lite som skil mellom laga, og på ein god dag er det fullt mogleg å slå Larvik. Og vi håpar sjølvsagt at den kjem søndag kveld i Førdehuset, seier Maria Oppedal og håpar på godt frammøte på tribunene.

- Det er viktig for at vi skal yte vårt beste. Når vi spelar mot Larvik klokka 18.00 er handball-EM over, og no håpar eg verkeleg at folk prioriterer å sjå Førde spele mot den norske toppklubben. Vi skal gjere vårt beste for at dei skal få ei overrasking i Førdehuset, seier Maria Oppedal.


Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.