SJÅ TOPPLAGET, OG STØTT EI GOD SAK

Postet av Førde IL - Handball den 11. Des 2019

Når Norges mest kjende handball-lag på damesida, Larvik, møter Førde til 1.divisjonskamp søndag 15. desember, så vil alle billett-inntektene gå til SMISO.

- Spelargruppa har diskutert dette i fellesskap, og vi har einstemmig bedt styret i klubben om at alle pengane frå billettsalet skal gå uavkorta til SMISO her i fylket. Vi er imponert over den jobben dei gjer overfor sårbare personar, seier lagkaptein Maria Oppedal overfor Chatrine Elholm og Trude Merete Lundekvam då dei to SMISO-tilsette stikk innom treninga til 1.divisjonsspelarane tysdag kveld. SMISO er ei forkorting for organisasjonen Senter Mot Incest og Seksuelle Overgrep.


Ungdommar ser verdien

- Vi i SMISO er utruleg glad for at at Førde-handballen vil gje ei slik gåve til oss. Dette er noko som varmar skikkeleg. Spesielt det at det er ungdommar som ser verdien i den jobben vi gjer, seier Elholm, som er dagleg leiar ved SMISO.

Sogn og Fjordane var det siste fylket som fekk oppretta eit slikt senter, då det vart etablert i 2012.

- Vi har opplevd at det har vore store mørketal når det gjeld overgrep her i fylket også, og vi opplever at vi får ein ny brukar om lag kvar einaste veke gjennom heile året. I løpet av eitt år har vi om lag 1000 besøkjande innom senteret. Dette er eit lågterskel-tilbod, og vi byggjer først og fremst på samtale med brukarane. Vi held til i Hornesvegen 1, like ved Førde kyrkje, men har også eit svært aktivt informasjonsarbeid, mellom anna til 6. klassene ved alle skulane i fylket. No har vi også konkrete planar om å starte opp tilsvarande arbeid overfor barnehagane i fylket, seier Elhom.


Seks kroner

Elholm viser til at det for tida er fem tilsette ved SMISO Sogn og Fjordane.

- Vi er finanisert gjennom støtte frå kommune, fylkeskommune og stat, og går frå 1. januar ut med ein forespurnad om støtte på seks kroner per innbyggjar frå alle kommunane i fylket. Med tanke på den jobben vi gjer overfor svært utsette personar, så meiner vi dette umogleg kan vere noko stort bidrag, seier Lundekvam.

Gjennom arbeidet ved SMISO-senteret opererer dei med tre store brukargrupper.

- Den eine gruppa består av vaksne kvinner som tidlegare ikkje har fortalt om overgrepa dei har blitt utsette for. Den andre gruppa er unge brukarar som kan ha opplevd valdtekt, gjerne fest-relatert, og som ikkje har formidla dette vidare. Den tredje store gruppa er pårørande-samtaler til begge desse gruppene over, seier Elholm.  


Handball-støtte

Pengane som i tilfelle vil komme inn i samband med kampen mot Larvik skal uavkorta skal gå til førebyggjande arbeid ved SMISO Sogn og Fjordane.

- Dette er vi veldig bevisste på. Det offentlege skal stå for drifta av SMISO, og så skal vi bruke eventuelle gåvemidler til førebyggjande arbeid. Vi har mellom anna fått overført pengar frå Hafstad-russen dei to siste åra, og er svært glade for at yngre folk bidreg på ein slik måte. Dessutan er vi svært glade for at både russen og no Førde-handballen på denne måten skaper merksemd rundt den jobben vi gjer, seier Trude Merete Lundekvam.

Kampen mot den tidegare storklubben Larvik, som rykka ned frå toppserien grunna økonomisk rot i fjor, blir spelt i Førdehuset klokka 18.00 søndag 15. desember.

- Vi skal komme og heie på Førde, seier dei to frå SMISO Sogn og Fjordane.

Så ta turen DU også, og støtt både SMISO og Førde-handball.


Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.