- VI MÅ BLI BETRE I FORSVAR

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2019

Søndag er det ny 1. divisjonskamp i Førdehuset. –Vi må ikkje la oss lure av at Grane Arendal er bak oss på tabellen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Klokka 14.30 brakar det laust i Førdehuset igjen. Førde sin andre heimemotstandar, Grane Arendal, har ein siger og to tap hittil i sesongen. Men dei ligg bak Førde på tabellen grunna litt svakare målskilnad.

Godt forsvar

- Vi skal uansett ikkje undervurdere Grane Arendal. Dei har god rutine på dette nivået, og brukar stort sett alltid å hamne på den øvre halvdel av 1. divisjonstabellen, seier Oddny Sønnesyn og viser til at heimelaget har brukt den siste veka til å perfeksjonere forsvarsarbeidet.

- Det er på det området vi har mest å hente. Med godt forsvar, så forplantar det seg ofte til gode kontringar og mål. Dessutan er det ein psykologisk effekt med eit godt forsvar som betyr mykje, seier Sønnesyn og viser til at trenar Hilmar Gudlaugsson har gått gjennom fleire kampvideoar av søndagens motstandar.

God kjensle

- Vi ser også at dei har spesielt ein spelar, Merlinda Qorraj, som vi må ha litt spesielt fokus på. Ho har scora 20 spelemål på dei tre første kampane, og må stoppast i Førdehuset, lovar Sønnesyn føre årets fjerde seriekamp.

- Dette er den andre heimekampen for oss, og vi stiller uendra mannskap frå siste kamp. Så no håpar vi på den samme gode kjensla som vi hadde i den første heimekampen. Då slo vi som kjent Skrim Kongsberg, seier klubbens sportslege leiar.

Kampstart klokka 14.30 skuldast at motstandarlaget skal få komme seg tilbake til Arendal i løpet av søndag kveld.


Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.