Islandsk elitespelar klar for Førde!

Postet av Førde IL - Handball den 12. Jan 2018


Presseklipp frå Firda 12,01.2018:


HANDBALL: Førde mista to spelarar på nyåret, men har henta inn ein islandsk bakspelar som erstattar.


Av: Svein Rune Kjøllesdal, Firda 

– Eg ser fram til å få spele for Førde, seier islandske Diana Kristin Sigmarsdòttir til Firda.

Ho har nettopp gjennomført si første trening med Førde, og både klubb og spelar håpar at ho skal bli speleklar til kampen mot Fjellhammer i helga. Om ikkje papira går gjennom det europeiske handballforbundet si papirmølle i tide, må ho vente til møtet med Aker før ho får sin debut.

Men ein ting er sikker, den tidlegare IBV Vestmannaeyjar-spelaren blir Førde-spelar.

– Klubbane har signert papira og er samde. Det kan ta litt tid før papira går gjennom i EHF, men vi har prøvd å vere raske, seier Førde-trenar Kristinn Gudmundsson.

To spelarar ut

Han fortel at Førde var nøydde til å gå ut på marknaden etter nye spelarar, etter at Alexandra Baesu har valt å trappe litt ned og Anniken Bjorøy, som signerte for Førde før denne sesongen, har forlate klubben.

– Då vart vi nøydde til å forsterke. Diana passar veldig godt inn. Ho er ung, og har potensial til å utvikle seg meir, seier Gudmundsson.

Og så har ho ein skotarm, med snert i. For det var fleire høve der ballen plystra i nota bak ein sjanselaus keeper frå den venstrehendte bakspelaren på høgresida.

– Det visste vi sjølvsagt godt. Den skotarmen er sterk. Så det var ikkje tilfeldig at det var Diana vi gjekk for, seier Gudmundsson.

Han trekker og fram det at ho er islandsk som ein fordel.

– Ho kjem til å komme lett og raskt inn i gruppa. Det er ganske lett å flytte frå Island til Førde. Og så kan eg snakke til ho på islandsk på treningane, så kommunikasjonen vil gå veldig lett, seier den islandske trenaren med eit smil.

Gudmundsson fortel at Sigmarsdòttir er ein spelar han har kjennskap til frå før.

– Eg har aldri trent ho, men ho er ein spelar som vil gjere oss betre, seier han.

– Er ho ein spelar som gir dykk betre sjansar til å unngå nedrykk?

– Ja, ho vil gi oss betre moglegheiter til å berge plassen. No håpar eg berre ho passar inn i måten vi spelar på, seier Gudmundsson.

Landslaget

Sjølv er Diana Kristin Sigmarsdòttir spent på korleis det blir å komme inn i miljøet i Førde, men spelaren frå Selfors på sagaøya er klar på at ho skal bidra.

– Eg er ein spelar som likar å vere med både offensivt og defensivt, og eg kjende til «Kiddi» frå tida då han var trenar på Island, så dette ser eg fram til, seier 22-åringen.

På Island har ho spelt i eliteserien, og ho har i tillegg vore innom landslaget.

– Eg har ikkje kampar med landslaget, men har vore på treningssamling med dei, seier ho.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.