Maria vår beste mot Gneist
Postet av Førde IL - Handball den 20. Mai 2022
Gneist-Førde 32-28 (14-17): Gneist vann med fire mål i den første av to kampar mot oss denne helga. Gneist har valt å spele begge seriekampane mot Førde i Førdehuset og var formelt sett heimelag i denne fredagskampen. Førde hadde ein god første omgang og gjekk til pause med tremålsleiing, Det starta bra også i andre omgang, då Emma Gloppestad gav oss firemålsleiing i første angrepet. Men så vart det berre klabb og babb. I dei neste ti minutta scora Gneist ni mål, vi eitt. Dermed var firemålsleiing til Førde blitt til firemålsleiing for Gneist.
Resten av omgangen spelte vi jamnt med Gneist, som ligg på fjerdeplass på tabellen. Fleire nye fekk prøve seg, mellom dei Tale Hageli Hallen. Synne Bakke Dvergedal og Thea Sønnesyn. Maria Ullebust Oppedal tok seks straffekast og scora på fem av dei, i tillegg til tre spelemål. Ho vart kåra til vår beste spelar og fekk premie frå kampsponsor Sparebanken Vest.
Sara Sandelin vart kåra til best på Gneist.
Måla til Førde: Maria Ullebust Oppedal 8 (5 på straffe), Emma Gloppestad 6, Oda Vindheim 5, Martine Orrestad Andersen 2, Martine Vindheim 2, Alexandra Afloarei 2, Veslemøy Risnes Kjønås 1, Amalie Haugsbø Ness 1, Maria Berglihn 1.
Toppscorarar for Gneist var Mille Brekken Daae og Linnea Skadal.
Laurdag klokka 13 møtest laga igjen, då med Førde som heimelag. Vi håpar at mange tek turen til Førdehuset for å vere med på å hylle trufaste spelarar som no gir seg.
Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024