Årsmøte

Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2026





Førde United med flotte opplevingar på Bergsøy si første Hjerteliga-samling

Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2026

 Førde United på tur til Fosnavåg! 

Laurdag reiste Førde United til Fosnavåg der Bergsøy IL for aller første gong var vertskap for ei samling i Hjerteligaen sør for Sunnmøre. Det blei ein fantastisk dag full av spelglede, inkludering og gode opplevingar – akkurat slik Hjerteligaen skal vere! ❤️🤾‍♂️

Både nordfjordingar og sunnfjordingar tok turen, og vi fekk spela spanande og kjekke kampar mot både Stryn og Skavøypoll. Det var flott innsats, mykje smil og mange fine idrettsøyeblikk gjennom heile dagen.

Ein stor takk til Bergsøy IL for eit strålande arrangement og varme rammer rundt samlinga 🙌 Takk for oss – vi kjem svært gjerne tilbake!

No gler vi oss til neste samling:
📍 Førdehuset
📅 Siste helga i april

Vel møtt – dette vil du ikkje gå glipp av!





Sparebanken Norge Førde Cup 2026

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2026

                            Førde Cup 2026


Velkomen til ei ny kjekk handballhelg i Førde!
Førde IL Håndball inviterer alle handballglade lag frå 10 år til Senior, til Sparebanken Norge Førde Cup 28.–30. august 2026.
 Vi gler oss til å fylle hallane i Førde med spelarglede, god stemning og ekte handballengasjement. Turneringa passar for lag i alle aldrar, og vi lovar ei sosial, inkluderande og fartsfylt helg – perfekt for å sparke i gang den nye sesongen!

Påmelding

Påmeldinga opnar 15. februar 2026 i Profixio. Vi anbefalar tidleg påmelding – for dette vil du ikkje gå glipp av! https://www.profixio.com/app/sparebank-norge-fordehandballcup-2026

Kvifor delta?

  • Perfekt sesongoppstart – få kamptrening og samspel på plass før seriespelet.
  • Trygt og godt arrangert – ryddige kampoppsett, fokus på dommarutvikling og trivelege frivillige.
  • Perfekt for lagbygging – ei sosial helg med felles opplevingar for spelarar, trenarar og foreldre.
  • Kjekke aktivitetar utanom kampane – sentrum, bading i Sunnfjord, fjellturar eller shopping.
  • God tilrettelegging for alle nivå – like kjekt for breidde- og satsingslag.
  • Gåavstand mellom hallane – lettvint for både lag og foreldre som vil sjå mykje handball.

Vi gler oss til å ønskje dykk velkommen til Førde og årets startskot på handballsesongen.
 Vel møtt til Sparebanken Norge Førde Cup 2026!

Et bilde som inneholder tekst, grafisk design, skjermbilde, GrafikkKI-generert innhold kan være feil. 

 




Visjon og verdiar

Postet av Førde IL - Handball den 12. Feb 2026