Førde Cup

 

 

Velkomen til ei ny kjekk 
handballhelg i Førde
30. august til 1. september 2024

 

Informasjon


REGLEMENT

NHF sitt turneringsreglement er gjeldande  under Coop Extra cup 2024. 
Ved eventuelle protestar, skal denne leverast seinast 30 minutt etter kampslutt, saman med protestgebyr på 300,-.
Hovudsekretæriatet for Coop Extra cup vil vere godt merka, og plassert ved biblioteket i Førdehuset 


KAMPARENA

Kampane vert avvikla i Førdehuset og hall i gåavstand frå Førdehuset.


SPELETID

Til og med 12 år: 1 x 15 minutt

Øvrige lag: 1 x 20 minutt

Sluttspel: 1 x 20 minutt


SPELESYSTEM

Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.

Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 13 og eldre går til sluttspel og finalespel.

Minner om at ein spelar kan spele på fleire lag, MEN IKKJE I SAME ÅRSKLASSE.
Møt på bana seinast 5 minutt før kampstart (NB kun 3 minutt mellom kampane i innleiande runde). Ingen timeout. 


PÅMELDING

Extra FørdeHandballCup 2024 - Profixio


TURNERINGSAVGIFT

kr. 1700,-  pr.lag.

 

DELTAKARKORT

(1 leiar gratis pr.lag)

A-kort: kr. 500

  • Alle må minimum A-kort
  • Diskotek laurdag kveld
  • Extra Førde Cup t-skjorte
  • Medalje J/G12 og yngre

B-kort: kr. 1450

  • Samme som A-kort +
  • Overnatting
  • Kveldsmat fredag (må førehandsbestillast).
  • Frukost laurdag og søndag
  • Middag laurdag
  • Lunsj søndag
  • Transport t/r hall

 

Kamparena:

Kampane blir spelt på Førdehuset og i hall med gangavstand/minibusstransport


MÅLTID

For dei som har B-kort vert ALLE måltid servert på Førde ungdomskule. 
Det er dessverre ikkje mulighet for å smøre seg lunsj på frukost. 

Fredag: kvelds kl. 19.00-21.00

Laurdag: frukost kl. 7.00-10.00 og middag kl. 16.00-19.00

Søndag: frukost kl. 7.00-10.00 og lunsj kl. 12.00-14.00


INNSJEKK/UTSJEKK

Innsjekk skjer på Førdehuset. Laga må vere ute av klasseromma kl. 12.00 på søndag.


PARKERING

Det er parkeringsplass på Førdehuset og festplassen/utstillingsplassen. 


OVERNATTING

Alle som har B-kort skal overnatte på skular rett ved Førdehuset. 
Vi oppfordrar deltakarar og lagleiarar om å halde orden og vise respekt for andre sin eigedom.
Det vert kontinuerleg vakthald på skulen, men minner om at lagleiarane har ansvaret for sine lag. 


For dei som ikkje har bestilt B-kort men treng overnatting, så vi avtale med Scandic Sunnfjord og Spa.

Prisar pr. døgn inkl. frukost:

Enkeltrom: 1090,- 

Dobbeltrom: 640,- per person (1280,- for rommet)

Trippelrom: 525,- per person (1575,- for rommet)

4-sengsrom 415,- per person (1660,- for rommet)


DISKOTEK

Laurdag frå kl. 20.00 – 23.00 påFørde ungdomskule.


SYMJEHALLEN

Alle cupdeltakarar med band får halv pris i symjehallen i Førdehuset. Opningstider: Laurdag kl. 10.00 - 18.00 og søndag kl. 11.00 - 16.00.


RYDDING/REINHALD

Alle lag har ansvar for å halde orden i hallen, garderobane og på skulen.
Ved utreise skal romma skal ryddast og kostast av laga og søppel skal settast utanfor rommet.
Før laga får reise, skal romma godkjennast av vakta på skulen. 


Vi gler oss til å møte dykk, og håpar alle får ei fantastisk handballhelg saman med oss. 


Har du spørsmål trykk her.


Førde IL handball