ELVETORGET CUP 2019

 

FØRDE IL - HANDBALL


 

Førdehuset, 30.august - 1.september 2019

 

Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.


Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over)

 

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 30.august - 1.september 2019. 

 

Kampane vert avvikla i Førdehuset, og overnatting vert på skular like ved hallen. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då senior/evnt 16 års kampar)

I tillegg til dei sportslege aktivitetane, vil sosiale aktivitetar for store og små gjere dette til ei minnerik helg i Førde. For dei som treng ekstra utfordring, vert også Førde Opp arrangert denne helga: http://fordeopp.no

Klasseinndeling:


J10 - 2009 og yngreG10 - 2009 og yngre
J11 - 2008 og yngreG11 - 2008 og yngre
J12 - 2007 og yngreG12 - 2007 og yngre
J13 - 2006 og yngreG13 - 2006 og yngre
J14 - 2005 og yngreG14 - 2005 og yngre
J15 - 2004 og yngreG15 - 2004 og yngre
J16 - 2003 og yngreG16 - 2003 og yngre
Kvinner Senior 3. divisjon og lågareMenn senior 3. divisjon og lågare

Spelesystem: Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
                       Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 12 og eldre går til sluttspel og finalespel.
                       Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 år 1x 15 min, øvrige 1x 20 min

Premiering:   Alle spelarar i J/G 11 og yngre får individuell medalje.
                       Pokaler (1, 2 og 3 plass) for dei øvrige klassane .

Påmelding:

All påmelding skjer HER 

 

Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 01.Juli 2019. 

 

Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net


Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna, så ver rask og meld deg på. Godkjend påmelding når turneringsavgifta er betalt.


Turneringsavgift (påmeldingsavgift):

  • Kr 1.300,- pr lag


Deltakarkort: (1 leiar gratis pr. lag)

 

A-kort: Kr 300,- (inkl. diskotek laurdag kveld og øvrige aktivitetstilbod (alle må ha minimum A-kort) 

B-kort: Kr 900,- som A-kort – med tillegg av 2 overnattingar på skule, samt frukost og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag. 

Evnt.: Kr 75,- i tillegg for kveldsmat fredag (må forhåndsbestillast). 

 

1.aug. er frist for å bestille/betale Deltakarkort/Tjenester, samt registrere spelartal og lagleiarar seinast 20. aug. 

 

Alle påmelding og innbetalingar skal utførast i Profixio (sjå lenkje lenger oppe under påmelding). 
Alle spelarar som deltek på cupen får kvar si t-skjorte, oppgje størrelse per spelar ved registring av namn på spelarar i Profixio.

 

Overnatting: Det vert overnatting på skular i nærleiken av Førdehuset. Lag som overnattar er sjølve ansvarlege for å klargjere klasseromma til overnatting, samt rydde klasseromma tilbake før avreise. På skulane vert det kontinuerlig vakthald.

Vi ynskjer at alle spørsmål kring cupen vert stilt på facebook: her


Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon undervegs.


Levert av IdrettenOnline