Førde Cup
Velkomen til ei ny kjekk
handballhelg i Førde
29.- 31. august 2025
Informasjon
REGLEMENT
NHF sitt turneringsreglement er gjeldande under Extra Førde cup 2025.
Ved eventuelle protestar, skal denne leverast seinast 30 minutt etter kampslutt, saman med protestgebyr på 300,-.
Ved protest, ta først kontakt med XXXXXXX, evnt juryleder XXXXXX.
Hovudsekretæriatet for Extra Førde cup vil vere godt merka, og plassert ved biblioteket i Førdehuset
KAMPARENA
Kampane vert avvikla i Førdehuset og Øyrane arena i gåavstand frå Førdehuset.
SPELETID
Til og med 12 år: 1 x 15 minutt
Øvrige lag: 1 x 20 minutt
Sluttspel: 1 x 20 minutt
SPELESYSTEM
Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 13 og eldre går til sluttspel og finalespel.
Minner om at ein spelar kan spele på fleire lag, MEN IKKJE I SAME ÅRSKLASSE.
Møt på bana seinast 5 minutt før kampstart (NB kun 3 minutt mellom kampane i innleiande runde). Ingen timeout.
PÅMELDING
TURNERINGSAVGIFT
kr. 1700,- pr.lag.
DELTAKARKORT
(1 leiar gratis pr.lag)
A-kort: kr. 500
- Alle må minimum A-kort
- Diskotek laurdag kveld
- Extra Førde Cup t-skjorte
- Medalje J/G12 og yngre
B-kort: kr. 1450
- Samme som A-kort +
- Overnatting
- Kveldsmat fredag (må førehandsbestillast).
- Frukost laurdag og søndag
- Middag laurdag
- Lunsj søndag
Kamparena:
Kampane blir spelt på Førdehuset og i nye Øyrane Arena som er gangavstand (se kart), Google maps sender deg på en omvei. Denne veien tar omtrent 12 minutter å gå. Spør noen i rød t-skjorte om du trenger hjelp.
MÅLTID
For dei som har B-kort vert ALLE måltid servert på Førde ungdomskule.
Det er dessverre ikkje mulighet for å smøre seg lunsj på frukost.
Fredag: kvelds kl. 19.00-21.00
Laurdag: frukost kl. 7.00-10.00 og middag kl. 16.00-19.00
Søndag: frukost kl. 7.00-10.00 og lunsj kl. 12.00-14.00
INNSJEKK/UTSJEKK
Innsjekk skjer på Førdehuset. Laga må vere ute av klasseromma kl. 12.00 på søndag.
PARKERING
Det er parkeringsplass på Førdehuset og festplassen/utstillingsplassen.
OVERNATTING
Alle som har B-kort skal overnatte på skular i gangavstand til Førdehuset.
Overnatting under arrangementet
Deltakarar vil bli innlosjerte på tre ulike skular i Førde: Førde ungdomsskule, Slåtten skule og Halbrend skule. Her finn du praktisk informasjon om kvar skule og transportmoglegheiter:
Førde ungdomsskule
Førde ungdomsskule ligg svært sentralt – rett ved sida av Førdehuset.
Slåtten skule
Slåtten skule ligg om lag 2 km frå Førdehuset, i retning mot sjukehuset. Ruta går i flatt terreng og er godt eigna for gåande via gangveg.
Laurdag vil det gå ringbuss frå kl. 09.00 for dei som ønskjer å nytte kollektivtransport.
📍 Sjå bussrute for linje 201 her: Slåtten. Med bil tek turen 4 minutt.
Halbrend skule4
Halbrend skule ligg ca. 2,2 km frå Førdehuset, i nedste sving av Halbrendslia. Det finst ein snarveg frå skulen ned til sentrum, og gåturen tek om lag 25 minutt.
Laurdag går det ringbuss frå Halbrend, med første avgang kl. 09.40.
📍 Sjå rutetabell her: Halbrend. Med bil tek turen 6 minutt.
Vi oppfordrar deltakarar og lagleiarar om å halde orden og vise respekt for andre sin eigedom.
Det vert kontinuerleg vakthald på skulen, men minner om at lagleiarane har ansvaret for sine lag.
For dei som ikkje har bestilt B-kort men treng overnatting, så vi avtale med Scandic Sunnfjord og Spa.
Prisar pr. døgn inkludert frukost, gratis parkering(registering på Inpark) og fri inngang basseng/trimrom/badstuer
ü Enkeltrom 1090,-
ü Dobbeltrom 645,- per person (1290,- for rommet)
ü Trippeltrom 490,- per person (1470,- for rommet)
ü 4-sengsrom 440,- per person (1760,- for rommet)
Prisane gjeld til 10.august.
Bruk referanse FØRDE-CUP for å få avtaleprisar. NB!: RABATTKODEN ER IKKJE DIGITAL SÅ DE MÅ ANTEN RINGE HOTELLET ELLER SKRIVE EPOST FOR Å KUNNE BRUKE DENNE KODEN.
https://www.scandichotels.no/hotell/norge/forde/scandic-sunnfjord-hotel-og-spa
DISKOTEK
Laurdag frå kl. 20.00 – 23.00 på Førde ungdomskule.
SYMJEHALLEN
Alle cupdeltakarar med band får halv pris i symjehallen i Førdehuset. Opningstider:
https://fordehuset.no/symjehallen/
RYDDING/REINHALD
Alle lag har ansvar for å halde orden i hallen, garderobane og på skulen.
Ved utreise skal romma skal ryddast og kostast av laga og søppel skal settast utanfor rommet.
Før laga får reise, skal romma godkjennast av vakta på skulen.
Vi gler oss til å møte dykk, og håpar alle får ei fantastisk handballhelg saman med oss.
Har du spørsmål trykk her.
Førde IL handball