Sparebanken Norge Førde Cup 2026
Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2026
Førde Cup 2026
Velkomen til ei ny kjekk handballhelg i Førde!
Førde IL Håndball inviterer alle handballglade lag frå 10 år til Senior, til Sparebanken Norge Førde Cup 28.–30. august 2026.
Vi gler oss til å fylle hallane i Førde med spelarglede, god stemning og ekte handballengasjement. Turneringa passar for lag i alle aldrar, og vi lovar ei sosial, inkluderande og fartsfylt helg – perfekt for å sparke i gang den nye sesongen!
Påmelding
Påmeldinga opnar 15. februar 2026 i Profixio. Vi anbefalar tidleg påmelding – for dette vil du ikkje gå glipp av! https://www.profixio.com/app/sparebank-norge-fordehandballcup-2026
Kvifor delta?
- Perfekt sesongoppstart – få kamptrening og samspel på plass før seriespelet.
- Trygt og godt arrangert – ryddige kampoppsett, fokus på dommarutvikling og trivelege frivillige.
- Perfekt for lagbygging – ei sosial helg med felles opplevingar for spelarar, trenarar og foreldre.
- Kjekke aktivitetar utanom kampane – sentrum, bading i Sunnfjord, fjellturar eller shopping.
- God tilrettelegging for alle nivå – like kjekt for breidde- og satsingslag.
- Gåavstand mellom hallane – lettvint for både lag og foreldre som vil sjå mykje handball.
Vi gler oss til å ønskje dykk velkommen til Førde og årets startskot på handballsesongen.
Vel møtt til Sparebanken Norge Førde Cup 2026!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.