På lag med ungdommen
Postet av Førde IL - Handball den 17. Des 2025
Ein arena for meir enn idrett
For Monica og Bob handlar engasjementet om å bidra i lokalsamfunnet der dei sjølve har interesse og erfaring. I deira tilfelle er det handballen. Tre gonger i veka samlast jentene på J14-laget til trening, og trenarane peikar på kor viktig dette er, både fysisk og sosialt.
Idretten gir ungdom ein stad å høyre til, ein struktur i kvardagen og eit fellesskap å vere ein del av. Målet er ikkje berre å utvikle handballspelarar, men å skape eit trygt og positivt miljø der alle blir sett og kan utvikle seg i lag.
Foto: Enivest
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.