Stor dag for Førde United!

Postet av Førde IL - Handball den 11. Okt 2025



Førde United har eit brennande ønske om å reise på treningsleir. I den forbindelse har det nyleg blitt søkt om midler hos Sparebankstiftinga hjå Sparebanken Norge. Og ikkje berre fekk laget kr 50 000, vi fekk òg kome på scena på Torget for å motta gåvesjekken. Så der sto vi, stolte som hanar framfor 2 tusen menneske under avslutninga av VM I vektløfting. 3 spelarar og foreldre slo følge med underteikna.

Det er kjekt å få vise seg fram og gjere kjent kva vi driv med. 
Det er fleire grunnar til ønske om treningsleir. Etter snart 13 år vil vi jubilere litt. Dernest vil vi gjere noko nytt og annleis enn reiser til kampar, nemleg skape minne for livet. Ikkje alle har høve til å reise utenlands då følgjeperson aukar kostnadene. Så vil ein slik tur styrke samholdet, veldig viktig i lagidrett. Dette var eit viktig steg på veg mot Spania i 2026.




Tekst: Terje Holvik

Foto: Gjermund Johannessen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.