Vårt første fylkesmeisterskap
Postet av Førde IL - Handball den 7. Apr 2025
Førde J13: Bak frå venstre: Lina, Tilie, Solveig, Mia, Malin, Line og Elea. Midten frå venstre: Sigrid, Sofie og Tuva. Framme: Eira.
Søndag var Førde J13 sitt første møte med fylkesmeisterskapet i handball, og det var spente jenter som tok turen til Askøy Forum. På turen var også foreldre og underteikna.
Heile gjengen reiste inn laurdag og fekk ein dag i Bergen, det var shopping og mat som stod på timeplanen. Så gjekk turen til Kokstad for å overnatte på hotell. Her var også mange andre lag som skulle delta på fylkesmeisterskapet.
Vi tok eit møte laurdag kveld, der heile gruppa var samla. Vi fekk snakka litt om kva som venta, for dette var noko nytt. Dei fire beste laga i Vestland fylke skulle delta, og vi var eitt av dei laga.
Semifinale
Søndagen starta med frukost kl. 07.00, alle var på plass. Viktig å få i seg ein god frukost før turen gjekk til Askøy Forum. Der venta Os, eit veldig godt lag som vann pulja si i Bergen og som har kun eitt tap denne sesongen. Klokka 09.00 starta kampen, og vi jakta gode prestasjonar. Vi starta nervøst og vi stanga mot Os-forsvaret, lite fungerte. Vi hadde alt for mykje respekt for Os, og pauseresultatet var 12-4 til Os. Vi brukte pausen godt og prøvde å få senka skuldrane til jentene, og at vi må tenke meir på oss sjølve og spele meir som eit lag. Responsen var fantastisk, jentene fighta og jobba på, vi tok innpå. Os tok plutseleg timeout. Når det var fire minutt att, var stillinga 18-14 til Os. For ein innsats jentene hadde lagt ned. Men så får vi eit par utvisningar, og då vart det for tøft. Vi taper 21-14, men vann 2. omgang og spelte utruleg bra. Det var forresten Os som vann fylkesmeisterskapet.
Då vart det bronsefinale på oss, mot Tertnes.
Heile gruppa får seg ein god pause før bronsefinalen, som startar kl. 14.00, og jentene fekk litt kvile, og hive i seg litt mat og drikke.
Førde J13 har delteke i Temaserien i Bergen denne sesongen og spelt mot forskjellige Bergens-lag, og vi har prestert veldig godt og vunne mange kampar, og no har vi trua på at vi kan matche Tertnes.
Bronsefinale
Kampen er i gang og jentene er klare. Startar litt nervøst, men utover 1. omgang har vi overtaket, sjølv med fire utvisningar, så går vi til pause med 10-9-leiing. Vi får ein dårleg start på 2. omgang og Tertnes går frå 9-10, til 13-10-leiing. Vi blir hengande etter gjennom heile omgangen, med 2-3 mål. Vi gir ikkje opp, men ser at jentene blir stressa og frustrerte. Vi prøver og prøver å ta igjen, men må til slutt gå av bana med eit surt 18-17-tap. Mange følelser etter kampen, ekstremt skuffa gjeng. Vi følte nok at dette var ein kamp vi kunne/burde vunne, men likevel så klarer vi det ikkje.
Sjølv om det var ein skuffa gjeng etter kampen, så viser dette at handballen betyr mykje. Desse jentene kjem garantert sterkt tilbake. Førde J13 er ein kul gjeng som har mykje morro i lag, både på trening og på tur. Dette var ny erfaring å vere med på, og både spelarar og trenarar lærer av dette. No skal vi sjå framover, for i slutten av mai ventar Storhamar Cup. Der ventar nye opplevingar, og kanskje eit nytt sluttspel?
Beste fansen: Sjølv om jentene var veldig skuffa etter bronsefinalen, var foreldra fornøgd med jentene.
Til slutt må eg som trenar berre skryte litt ekstra av denne gjengen, for eg er så imponert over det jentene har fått til denne sesongen, prestere i serien med kun 1 tap, levert i Temaserien og topp 4 i Vestland fylke. I tillegg deltok vi i J14-serien før jul og kvalifiserte oss til A-pulja. Her måtte vi trekke laget, p.g.a. totalbelastning. Å spele nesten 30 kampar frå nyttår og fram til i dag blir for mykje. Fylkesmeisterskapet var eit lite punktum for sesongen, men vi kjem no til å trene litt før vi skal til Storhamar Cup.
Bernt Ove Berntsen, trenar Førde J13
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.