Øyvind: Imponerande sesong av jentene

Postet av Førde IL - Handball den 17. Apr 2024

Etter to klare topoengarar borte, 32-24 mot Hokksund og 37-26 mot Glassverket 2, er fasiten for sesongen klar: Det blir tredjeplass bak Gneist og Åsane. Rett nok står det att ein kamp, heime mot Bjørnar søndag, men ingen kan ta frå oss tredjeplassen.

Ein sesong som i haust såg ut til å bli vanskeleg, vart den beste på mange år. Det starta med at Benedicte Frøyen Bergset skadde kneet før seriestart og vart langtidsskadd. Så skjedde det same med Martine Vindheim tidleg i sesongen,og systera Oda  var sjuk i ein lang periode. Men resten av laget tok ansvar, her må vi nemne veteranen Alex spesielt. Ho har gjort ein god sesong som strekspelar og ikkje minst som forsvarsspelar og hærførar for resten av laget. Estelle Ahlquist Lundh var viktig for oss, det same har Annette Kaalstad og Kinga Lemiech vore. Og dei unge kantspelarane våre, Tuva, Amalie og Marie, har teke store steg i løpet av sesongen.

Trenar Øyvind Indrebø og hans team har også gjort ein god jobb med å utvikle laget. Han er naturleg nok godt nøgd med det som har skjedd når det no står att ein kamp:

- Då er vi klar for siste seriekamp, som blir førstkomande søndag mot Bjørnar. Vi tapte mot dei borte,  under eit døgn etter at vi hadde vunne knipe mot opprykksfavoritt Gneist. Bjørnar er eit godt lag, men vi kjenner på at det er tid for å prøve å revansjere dette tapet. 

Uavhengig av resultatet, er vi sikra tredjeplassen i avdelinga, noko som vi er særs fornøgde med. Det er fleire grunnar til at vi har gjort det så bra. Vi har i periodar spela god handball i alle spelets fasar. Dette er imponerande av jentene, teke skadesituasjonen i betraktning. Når sentrale jenter har vore ute, har andre stått fram og teke ansvar. Eit godt døme på det var sist helg mot Hokksund og Glassverket 2. Jentene synte ein solid lagmoral, noko som resulterte i periodevis god handball og derigjennom imponerande resultat. 

Førre sesong «stanga vi mot veggen» i store deler av sesongen, men jentene leverte ein fantastisk avslutning, noko som gjorde av vi klatra til ein 7. plass. I år har vi halde fram denne utviklinga, teke nye steg, og før siste seriekamp har vi teke 11 poeng meir enn i totalt i fjor. Søndag skal vi gjere alt det vi kan for at årets siste poeng vi skal kjempe om, blir igjen i Førde. Håpar vi ser deg i Førdehuset  kl 1400 søndag 😊


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.