Gjorde det spennande - men tok poenga

Postet av Førde IL - Handball den 17. Mar 2024

D2 Førde-Reistad 29-24 (15-8): Det var lite som gav grunn til uro då Førde og Reistad tok pause på stillinga 15-8 til heimelaget. Det var klasseskilnad på laga. Kinga Lemiech var høgt og lågt både i angrep og forsvar, Andrea Boge Solås stod godt i mål, og laget frå Drammen såg ikkje ut til å kunne skape problem for poengfangsten.

Andre omgang starta også bra. Etter få minutt stod det 18-9 på måltavla. Men så gjekk det meste i stå for heimelaget. I løpet av dei 13 neste minutta vart 18-9 til 19-16, med andre ord vann Reistad den perioden 7-1.

- Vi vart kanskje litt for feige, det var ikkje meininga å gjere det spennande, seier trenar Øyvind Indrebø. 

Iallfall var det lite futt i angrepsspelet, det vart skote på for dårlege sjansar, og skota var heller ikkje spesielt godt innsikta. I andre enden av bana var ikkje forsvarsspelet like patent som i første omgang.

Men Reistad kom aldri nærare enn tre mål bak, og på slutten fann Førde litt tilbake til godtaktene frå før pause. Det enda 29-24, og vi tok igjen tredjeplassen på tabellen med våre 24 poeng.

- Eg er veldig godt nøgd med spel og utteljing i første omgang, seier Indrebø. Det har skjedd før at vi ikkje greier å fylgje opp i andre omgang, men denne gongen greidde vi iallfall å kome tilbake mot slutten.

Kinga Lemiech vart fullt fortent kåra til vår beste spelar. Ho sette inn 10 spelemål og la ned stor innsats i forsvar. Annette Kaalstad enda på 8 mål (2 på straffe), Berenice Halvorsen 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Oda Vindheim 1 og Alexandra Afloarei 1. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.