Førde J12 imponerte i Temaserien

Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024

Førde sitt J12-lag har denne sesongen vore med på Temaserien, som er ein utviklingsarena i regi Region Vest. Det starta med at vi fekk spørsmål om å vere med, og vi visste lite om kva dette var. Etter å ha fått litt informasjon, så tenkte vi at dette kunne vere spennande. Vi melde på eitt lag. Så etter nokre veker fekk vi beskjed frå Region Vest at vi var det einaste laget som var påmeldt. Spørsmålet vi fekk då var om vi var interessert å gå opp eit hakk og delta i lag med J13, eller reise til Bergen.

Då la vi ut dette til foreldregruppa: Skal vi delta? J13? Bergen?
Svaret: Bergen!!!

Vi fekk vite at det var påmeldt 40 lag, og blant dei, eitt lag frå Sogn og Fjordane, Førde J12.

Responsen frå jentene var heilt vill: Vi skal til Bergen! Vi skal til Bergen! 

Så korleis fungerer dette?

Temaserien er ein utviklingsarena for spelarar, trenarar og dommarar. I løpet av sesongen blir det sett opp tre helger med kampar. Kvar helg har forskjellige tema. Vi var i Bergen i november, januar og mars. Kampane blir gjennomført på ein dag.

Tema denne sesongen var: 
November: Samspel mellom bakspelar/kantspelar
Januar: Utgruppert forsvar
Mars: Kontring- og returspel

Regionen sender øktplan til trenarane 3-4 veker før kampane, og det vart også halde informasjonmøte på Teams. I tillegg var det Spelarutviklingssamling. Det er også eit belønningssystem som gjer at om ein klarar å gjennomføre tema i kampane, så kan ein ikkje berre få eitt mål, men opp til 4 mål.

November

Øktplanen vart flittig brukt, det var mange gode øvingar. Jentene var på hugget: Vi skal jo til Bergen. Det var ei spenning i gruppa, sidan dette var nytt og vi ikkje visste heilt kva nivå vi møtte. Men ein ting var sikkert, vi skal tenke på oss sjølv og gi gass.

Så kom helga, turen gjekk til Askøy Forum, og laga vi skulle møte var Flaktveit, Askøy Rød og LøvHam. Foreldra var også spent, og alle var med. For på tribuna var det ingen tvil om kven som dominerte, gjengen frå Førde.

På bana var nervøsiteten vekke, frå første kast var dei på. Dei tenkte på seg sjølv, dei ga gass. Foreldra lagde lyd, med sauebjøllene og heia. Førde-flagga var også på plass. Bergenspublikummet lurte på kva for ein gjeng dette var?? Det vart tre gode kampar, vi vann mot Flaktveit og Askøy Rød og tapte knepent mot LøvHam. For ein start, jentene svevde, dette var morro.

Trykk her for å sjå jentene sitt første møte med Temaserien.

Januar

Så var det tid for helg nummer 2, Tema 2, utgruppert forsvar. Ny øktplan var motteke, motivasjonen var stor. Men utgruppert forsvar var ikkje enkelt. Her er det mykje å følgje med på, her må ein ha eit 360-hovud, for å følgje med på alt som skjer. Vi trenar og prøver, kava på, får det ikkje heilt til å sitte. Vanskeleg. 

Så gjekk turen til Landåshallen. Foreldra er på plass. Vi trenarane er veldig spente, vi har ikkje fått det heilt til på trening, men har trent mykje på utgruppert forsvar. Første kamp er mot Kalandseid, eit lag vi såg spele litt tidlegare på dagen. No kjenner vi trenarane på det, vi kvir oss, korleis skal dette gå? Kampen startar og vi startar i forsvar… 

Kva skjer? Dei flyttar beina, kommuniserer, byttar plassar, trøkker til, går i dueller og dei samarbeider…. Er ikkje slik det har vore på trening. Har dei halde oss for narr??  Haka dett i parketten, vi trur nesten ikkje det vi ser. Jentene spelar ein kanonkamp, og når kampen er over er det banestorming, foreldra er i ekstase, jentene hoppar og skrik. 

Vi spelte tre kampar den dagen, mot Kalandseid, Bergen HK og Askøy Rød, og jammen vann dei alle kampane. Heilt rått.

Mars

Siste helga med Temaserien, og denne gangen gjekk turen til KIL-hallen, Kalandseid. Temaet er er kontring- og returspel, noko vi likar og gledar oss til. Dette er ein måte vi likar å spele på, ankomst og kontringar. Øktplanen har blitt brukt godt, og ein ser at dette er noko jentene får til. Jentene er gira på å avslutte Temaserien på ein god måte, for vi likar tempo begge vegar.

Vi hadde fire kampar, og laga vi skulle spele mot var Askøy Blå, Bjarg, Askøy Rød og Lyngbø. Det er spenning i gruppa før vi skal i kamp, jentene er litt smånervøse. Planen er enkel, utgruppert forsvar, vinne ball og springe. Vi skal ikkje kvile eitt sekund. Dei tre første kampane gjer dei det, det er ikkje måte på. Det blir seier i alle tre kampane. 

Så er det den siste kampen, Lyngbø. Eit lag som tidlegare på dagen slo LøvHam som vi tapte mot i Askøy Forum første helga. Dette blir ein fight. Jentene er høgt oppe, så no var det å få dei ned på jorda før kampen startar. 

Det er nervøst på bana, vi gjer litt tullefeil og Lyngbø er på hugget. Dei scorar mål og får bonusmål, noko som gjer at vi ligg under med nokre mål. Jentene skjerpar seg og får fort rydda opp i småfeila, forsvaret begynner å sitte og beina begynner å spinne. Vi har tatt att Lyngbø, men kvifor stoppe her? Det er full gass. Foreldra heiar, jentene jobbar og spelar heilt fantastisk. Det blir ein perfekt avslutning. Når kampen er over, så skulle ein tru dei hadde vunne VM-finalen. Ja, når ein kjenner at det trykker litt på i augekroken, og stemma brest litt, ja då blir ein stolt.

Oppleving

Det har vore ei unik oppleving for trenarar, foreldre og ikkje minst spelarane. Det har vore ein arena der vi alle har fått utvikla oss gjennom sesongen. Ikkje berre spelarar, laget eller trenarane, men også det sosiale rundt laget. Det har vore kjekt å spele mot andre lag, reise på tur i nye hallar. Så er det nesten heilt utruleg at laget frå “Sogn og Fjordane” står att med å vinne 9 av 10 kampar. Jentene har vore flinke til å gjennomføre Tema og foreldrene til å stille opp på alt rundt desse helgane. 

No er det to kampar att lokalt, før turen går til Sandefjord Cup i slutten av mai, der vi reiser med to lag. Då er det nye opplevingar som står for tur.

Stolte trenarar for Førde J12



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.