Øyvind: Ingenting å tape
Postet av Førde IL - Handball den 21. Feb 2024
Torsdag går turen til Bergen for å møte opprykksfavoritt Åsane. Vi slo det andre topplaget, Gneist, i Bergen, så kvifor ikkje ta Åsane også? (Biletet er teke etter den kampen). Rett nok tapte vi klart mot Åsane på heimebane, men som sagt før: Handball er ikkje matematikk, kvar kamp lever sitt eige liv.
Trenar Øyvind Indrebø ser fram til kampen, etter at heimekampen mot Tertnes vart avlyst.
- Torsdag kveld møter vi Åsane borte. Eit lag som i forhold til poengtap totalt sett leier serien, og som derigjennom kjempar om opprykk. Og dei har dei siste kampane vore suverene. Men utfordringar er til for å løysast. Vi kan i siste del av sesongen ha fokus på å ta nye steg prestasjonsmessig, utan å tenke krav om å måtte vinne. Så dette er ei fin utfordring for oss i forhold til å utvikle laget. Åsane er klare favorittar, der vi har ingenting å tape, men alt å vinne. Jentene gler seg til denne type utfordringar.
Når det gjeld den avlyset kampen Førde-Tertnes: Handballforbundet har beslutta at Tertnes ikkje får godkjent grunnen til å ikkje møte til kamp sist laurdag, så kampen blir sett til 0 - 0 og to poeng til Førde. Tertnes kan rett nok anke denne beslutninga. Fristen for å anke er 10 dagar frå og med i dag. Saka er ikkje endeleg avgjort før fristen for å anke er ute.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.